Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lønnsutrekningar – celleadresser og SUMMER()

Rekneark er nyttige når vi skal setje opp eit større reknestykke med fleire utrekningar, til dømes eit budsjett. Lønnsutrekningar er fine når ein skal øve på å bruke rekneark. Oppgåvene her skal løysast med rekneark om ikkje anna er oppgitt.

Du finn eit rekneark med alle løysingane nedst på sida.

4.1.1

a) Torjus har ei på 41 000 kroner kvar månad. Han blir trekt 24 prosent i skatt. Kva blir hans?

Løysingsforslag
Rekneark der inndataområdet er månadslønn i kroner og  skattetrekk i prosent. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I den sjuande rada er skatten rekna ut og i åttande rad nettolønna, som er 31160 kroner. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nettolønna blir 31 160 kroner.

b) Dersom skatteprosenten blir endra til 26 prosent, kva blir nettolønna då? Bruk òg reknearket til å rekne ut kor mykje mindre nettolønna blir.

Løysingsforslag
Rekneark der inndataområdet er månadslønn i kroner og  skattetrekk i prosent. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I den sjuande rada er skatten rekna ut og i åttande rad nettolønna, som er 30340 kroner. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre.  Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom skatteprosenten er 26 prosent, blir nettolønna 30 340 kroner.

Skilnaden i skatteprosent er 2 prosentpoeng. Det betyr at skilnaden er 2 prosent av bruttolønna. Vi kan lure reknearket til å rekne ut denne skilnaden for oss direkte dersom vi set skatteprosenten til 98 prosent. Då vil talet i celle B8 for nettolønn vise kva 2 prosent er (men då betyr talet skilnaden i nettolønn, ikkje sjølve nettolønna).

Rekneark der inndataområdet er månadslønn i kroner og  skattetrekk i prosent. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I den sjuande rada er skatten rekna ut og i åttande rad nettolønna, som er 820 kroner, fordi skattetrekket er sett lik 98 prosent for at reknearket skal vise kva skilnaden i nettolønn er når skatteprosenten blir endra med 2 prosentpoeng. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skilnaden i nettolønn er 820 kroner.

(Hugs at når skatten er 24 prosent, blir nettolønna, som er resten, 76 prosent. Når skatten er 26 prosent, blir nettolønna 74 prosent. Når skatten er 98 prosent, blir nettolønna 2 prosent.)

c) Kva blir brutto timelønn til Torjus når vi reknar at arbeidstida er 162,5 timar per månad?

Løysingsforslag
Rekneark der inndataområdet er månadslønn i kroner,  skattetrekk i prosent og talet på arbeidstimar per månad. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I den sjette rada er brutto timelønn rekna ut til 252,31 kroner. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brutto timelønn til Torjus er 252,31 kroner.

4.1.2

Ine jobbar kvar laurdag i ein fiskebutikk. Ho har arbeidstid frå kl. 11.00 til kl. 18.30. Ein månad jobbar ho fire laurdagar. Ho får 50 % overtidstillegg etter kl. 17.00. Kva er bruttolønna til Ine denne månaden når timelønna er 150 kroner?

Løysingsforslag

Her har vi valt å først rekne vanleg timelønn på alle timane. Deretter reknar vi ut overtidstillegget i lønna.

Rekneark der inndataområdet er timelønn i kroner, overtidstillegg i prosent, arbeidstid kvar laurdag i timar, tal på overtidstimar kvar laurdag i timar og talet på laurdagar. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I den åttande rada er lønna med vanleg timelønn rekna ut, i den niande rada er overtidsbetalinga rekna ut, og i den tiande rada er bruttolønna, som er 4950 kroner, rekna ut. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruttolønna til Ine denne månaden er 4 950 kroner.

4.1.3

Celine har ei timelønn på 195 kroner. I mai arbeidde ho 162,5 timar. Celine har prosentkort og trekkjer 33 % skatt. Kor mykje fekk Celine utbetalt denne månaden?

Løysingsforslag
Rekneark der inndataområdet er timelønn i kroner, arbeidstid i timar og  skattetrekk i prosent. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I den sjette rada er bruttolønna rekna ut, i den sjuande rada er skatten rekna ut og i den åttande rada nettolønna, som er 21230,63 kroner. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugs at "utbetalt lønn" er det same som nettolønn.

Celine fekk utbetalt 21 230,63 kroner denne månaden.

4.1.4

Markus har ei timelønn på 175 kroner. Ein månad arbeidde han 145 timar. Markus har prosentkort og trekkjer 27 % skatt. Kva var nettolønna til Markus denne månaden?

Løysingsforslag
Rekneark der inndataområdet er timelønn i kroner, arbeidstid i timar og skattetrekk i prosent. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I den sjette rada er bruttolønna rekna ut, i den sjuande rada er skatten rekna ut og i den åttande rada er nettolønna, som er 18523,75 kroner, rekna ut. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nettolønna til Markus denne månaden var 18 523,75 kroner.

4.1.5

Anne har jobb som telefonseljar tre ettermiddagar kvar veke. Arbeidstida er frå kl. 15.30 til kl. 18.30. Ho har ein avtale der ho får ei fast timelønn på 165 kroner. I tillegg får ho 15 % av salet som lønn. Anne har prosentkort og betaler 21 % skatt.

I mars hadde ho følgjande sal:

Veke, nr.

10

11

12

13

Sal, kr

3 200

3 900

2 700

4 100

a) Finn den reelle timelønna til Anne denne månaden når vi tek med provisjonen.

Løysingsforslag
Rekneark der inndataområdet er talet på arbeidstimar per dag, talet på arbeidsdagar per veke, talet på veker, fast timelønn i kroner, provisjon i prosent og  skattetrekk i prosent. Vidare er salstala for vekene 10 til og med 13 skrivne inn. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I rad 16 er det totale salet summert opp. I rad 17 er talet på timar i mars summert opp, i rad 18 er lønna ut ifrå talet på timar rekna ut, i rad 19 er provisjonsdelen av lønna rekna ut, og i rad 20 er bruttolønna rekna ut. Til slutt i rad 21 er den reelle timelønna, som er 222,92 kroner, rekna ut. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Anne har ei reell timelønn på 222,92 kroner denne månaden.

b) Finn nettolønna til Anne denne månaden.

Svar
Rekneark der inndataområdet er talet på arbeidstimar per dag, talet på arbeidsdagar per veke, talet på veker, fast timelønn i kroner, provisjon i prosent og skattetrekk i prosent. Vidare er salstala for vekene 10 til og med 13 skrivne inn. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I rad 16 er det totale salet summert opp. I rad 17 er talet på timar i mars summert opp, i rad 18 er lønna ut ifrå talet på timar rekna ut, i rad 19 er provisjonsdelen av lønna rekna ut, og i rad 20 er bruttolønna rekna ut. I rad 21 er den reelle timelønna, som er 222,92 kroner, rekna ut. I rad 25 er skattetrekket rekna ut, og til slutt i rad 26 er nettolønna rekna ut. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Anne har ei nettolønn på 6 339,75 kroner denne månaden.

4.1.6 (Omarbeidd frå tidlegare eksamensoppgåve)

Ole arbeider på ein mekanisk verkstad. Han har ei timelønn på 245 kroner innanfor vanleg arbeidstid. Han betaler 2 prosent av bruttolønna til ei pensjonskasse og har ein trekkprosent for skatt på 36 prosent. Nedanfor ser du kor mange timar han arbeidde ein månad.

Arbeid

Tal på timar

Vanleg arbeidstid

150

Overtid med 50 prosent tillegg

16

Overtid med 100 prosent tillegg

6

a) Bestem bruttolønna til Ole denne månaden.

Løysingsforslag
Rekneark der inndataområdet er timelønna i kroner, talet på vanlege arbeidstimar, talet på arbeidstimar med 50 prosent tillegg i lønn, talet på arbeidstimar med 100 prosent tillegg i lønn, den første overtidsprosenten på 50 prosent, den andre overtidsprosenten på 100 prosent, skattetrekk i prosent og trekkprosenten for pensjonskassa. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I rad 13 er lønna ut ifrå den vanlege arbeidstida rekna ut, i rad 14 er lønna for overtida med 50 prosent tillegg rekna ut, i rad 15 er lønna for overtida med 100 prosent tillegg rekna ut, og i rad 16 er bruttolønna, som er 45570 kroner, rekna ut. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruttolønna var 45 570 kroner denne månaden.

b) Kor mykje betalte Ole til pensjonskassa denne månaden?

Løysingsforslag
Rekneark der inndataområdet er timelønna i kroner, talet på vanlege arbeidstimar, talet på arbeidstimar med 50 prosent tillegg i lønn, talet på arbeidstimar med 100 prosent tillegg i lønn, den første overtidsprosenten på 50 prosent, den andre overtidsprosenten på 100 prosent, skattetrekk i prosent og trekkprosenten for pensjonskassa. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I rad 13 er lønna ut ifrå den vanlege arbeidstida rekna ut, i rad 14 er lønna for overtida med 50 prosent tillegg rekna ut, i rad 15 er lønna for overtida med 100 prosent tillegg rekna ut, i rad 16 er bruttolønna, som er 45570 kroner, rekna ut, og i rad 18 er betalinga til pensjonskassa på 735 kroner rekna ut. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ole betalte 735 kroner til pensjonskassa.

c) Det Ole betaler til pensjonskassa, skal han ikkje trekkjast i skatt for. Kor mykje fekk Ole utbetalt etter at skatten var trekt ifrå denne månaden?

Løysingsforslag
Rekneark der inndataområdet er timelønna i kroner, talet på vanlege arbeidstimar, talet på arbeidstimar med 50 prosent tillegg i lønn, talet på arbeidstimar med 100 prosent tillegg i lønn, den første overtidsprosenten på 50 prosent, den andre overtidsprosenten på 100 prosent, skattetrekk i prosent og trekkprosenten for pensjonskassa. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I rad 13 er lønna ut ifrå den vanlege arbeidstida rekna ut, i rad 14 er lønna for overtida med 50 prosent tillegg rekna ut, i rad 15 er lønna for overtida med 100 prosent tillegg rekna ut, i rad 16 er bruttolønna, som er 45570 kroner rekna ut, i rad 18 er betalinga til pensjonskassa på 735 kroner rekna ut, i rad 20 er grunnlaget for skattetrekk rekna ut, i rad 21 er skattetrekket rekna ut, og i rad 22 er nettolønna, som er 28694,40 kroner, rekna ut. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ole fekk utbetalt 28 694,40 kroner.

4.1.7

Lars har ein jobb der arbeidstida varierer frå veke til veke. Ein månad vart arbeidstida hans slik:

Veke

1

2

3

4

5

Tal på timar

36

38

45

42

13

Lars har ei timelønn på 225 kroner. Han har ein trekkprosent for skatt på 28 prosent. Han betaler 650 kroner kvar månad til fagforeininga, ein sum som er skattefri.
Rekn ut nettolønna til Lars.

Løysingsforslag
Rekneark der inndataområdet er timelønna i kroner, skattetrekk i prosent og fagforeiningskontingent i kroner. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I rad 8 og fire rader til nedover er talet på arbeidstimar i kvar veke i 5 veker ført opp. I rad 13 er summen av arbeidstimar rekna ut. I rad 15 er bruttolønna, som er 45570 kroner, rekna ut, og i rad 17 er trekkgrunnlaget for skatten rekna ut. Til slutt i rad 19 er nettolønna rekna ut til 27720 kroner. Formelvisinga av reknearket er plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nettolønna til Lars blir 27 720 kroner.

Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med alle løysingane.

Filer

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2021

Læringsressursar

Reknearkkurs: Lønn og sparing