Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag di eiga omgrepsordbok for sikkerheitsfaget

Ein god måte å lære seg nye omgrep på er å lage ei eiga omgrepsordbok.
To personar studerer tekst på papir og pc. Foto.

Du har kanskje allereie tilgang på ei ordliste i sikkerheitsfaget, men det kan vere smart å lage sin eigen versjon. Her kan du sjølv forklare omgrepa på ein måte du synest er lett å hugse. Vi hugsar som oftast ting betre når vi har skrive dei ned.

Det er enkelt å lage si eiga omgrepsordbok. Pass på å lagre ho lett tilgjengeleg med eit namn du hugsar. Då blir det lettare å finne ho igjen.

Tips

Skriv inn nye omgrep i ordboka di kvar gong du startar med eit nytt tema i faget. Då har du eit enkelt oppslagsverk klart til oppgåvene.

Opprett eit dokument lokalt på din eigen pc. Hugs at dokument du har lagra på datamaskinen din, kan vere tilgjengelege som hjelpemiddel under eksamen. Word eller Excel eignar seg godt til å opprette ei omgrepsordbok – du skal setje inn ein tabell med tre kolonnar.

I kolonne 1 skriv du inn alle nye omgrep.

I kolonne 2 skriv du forklaringa som blir gitt i fagboka du bruker, eller som er på NDLA.

I kolonne 3 forklarer du omgrepet med dine eigne ord, eller du lagar eit døme.


Ein mal med døme finn du i tabellen under:

Omgrepsordbok

Omgrep

Forklaring

Forklaringa mi

sikkerheit

evna til å ha kontroll med risiko

tenke gjennom kva ein skal gjere viss noko skjer

risiko

sannsyn

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2021

Læringsressursar

Faglege omgrep og studietips