Lønsemd
CC BY-SA 4.0Eit lønsamt arrangement går med overskot. Vi lagar eit budsjett for kvart arrangement. Dette gjer vi for å sikre lønsemda, ved å sørgje for at vi ikkje bruker meir pengar enn planlagt.
Du er no inne i ein læringssti:
Et lokalt arrangement
Eit lønsamt arrangement går med overskot. Vi lagar eit budsjett for kvart arrangement. Dette gjer vi for å sikre lønsemda, ved å sørgje for at vi ikkje bruker meir pengar enn planlagt.
På bakgrunn av salet tidlegare år, pluss ein eventuell forventa auke i salet, kan vi berekne forventa salsinntekter. Salsinntektene er prisen på det vi sel (salsprisen), multiplisert med mengda vi sel (salsmengda).
Ei bedrift kan ha mange ulike produkt, både varer og tenester. Når vi set opp resultatbudsjettet, kan vi derfor få mange linjer under "salsinntekter". Det er vanleg å summere inntektene i "sum salsinntekter".
På bakgrunn av forventa salsmengd kan vi bestemme kva varekostnadene vil bli. Varekostnadene er innkjøpsprisen på dei varene bedrifta skal vidareselje, og utgjer den største av dei variable kostnadene.
La oss seie at vi har ein leiketøysbutikk der vi forventar å selje så og så mange bamsar. Først må vi importere bamsane. Prisen vi betaler for dei, blir då ein varekostnad i resultatbudsjettet vårt. I tillegg må vi hugse å leggje til andre variable kostnader, som toll og frakt, viss det er aktuelt.
Når vi har lagt inn salsinntekter og variable kostnader i budsjettet, kan vi rekne ut bruttofortenesta. Somme bruker her omgrepet dekningsbidrag, men som regel bruker vi ordet bruttoforteneste i samband med budsjett og rekneskap.
Bruttofortenesta er salsinntektene minus summen av dei variable kostnadene. Ho fortel oss kor mykje pengar vi har til å betale faste kostnader, og kor mykje vi sit att med i overskot. Det kan vere interessant å samanlikne bruttofortenesta frå år til år.
Dei faste kostnadene er kostnader som vi må betale uavhengig av omsetninga eller produksjonen. Vi må til dømes betale husleige for lokala til leiketøysbutikken vår anten vi har ope eller ikkje. Forsikringar, kommunale avgifter og løn til fast tilsette må òg betalast.
I tillegg kjem finansielle kostnader – først og fremst renter og gebyr på lån. Mange bedrifter har både langsiktige pantelån og kassekreditt. Til slutt må vi ta med periodiserte kostnader, til dømes avskrivingar.
Bedrifta veit kva slags faste kostnader som kjem, og må leggje alle desse inn i budsjettet. Vi summerer alle dei faste kostnadene i linja "sum faste kostnader".
Vi reknar ut resultatet ved å trekkje summen av dei faste kostnadene frå bruttofortenesta. Resultatet i eit resultatbudsjett er eit uttrykk for lønsemda i bedrifta, og skal vere positivt. Bedrifter skal ifølgje god rekneskapsskikk drive med positivt resultat.
Resultatbudsjett | Døme (kr) |
---|---|
salsinntekter | 1 900 000 |
= sum salsinntekter | 1 900 000 |
varekostnad | 800 000 |
andre variable kostnader | 150 000 |
– sum variable kostnader | 950 000 |
= bruttoforteneste | 950 000 |
faste kostnader | 800 000 |
– sum faste kostnader | 800 000 |
= resultat | 150 000 |
.