Årsplan for vg1 helse- og oppvekstfag
Helse- og oppvekstfag skal utdanne fagarbeidarar som er med og dekker behovet for kompetanse i helse- og oppvekstsektoren i eit samfunn i endring. Utvikling av engasjement, god dømmekraft og profesjonelt fagleg skjønn hos elevane er ein sentral del av faget.
Programfaga skal bidra til ei yrkesutøving som fremmar meistring, utvikling og helse, og som gir grunnlag for helsefremmande arbeid med menneske i ulike livssituasjonar. Sosial kompetanse og respekt for menneske, kulturar og tradisjonar er sentralt i helse- og oppvekstfag, i tillegg til utvikling av praktiske ferdigheiter og evne til refleksjon over eige arbeid.
Emna i helse- og oppvekstfag har innhald og arbeidsoppgåver som dekker fleire eller alle programfaga. Vi håpar planen kan vere til inspirasjon! Last han gjerne ned og tilpass han til elevgruppa di og miljøet ditt.
Det er mogleg å trykke på dei ulike emna under faga, desse inneheld lenker. Lenkene fører deg til fagartiklar og oppgåver i det aktuelle emnet på ndla.no. Trykker du på kompetansemåla, vil lenka føre deg til Utdanningsdirektoratet sine nettsider og kompetansemåla i faget.
Filer
NDLA har laga tverrfaglege ressursar som kan vere nyttige ved skulestart og gjennom heile året. Ein av ressursane er Verktøykassa. Her finn du mange fagartiklar og oppgåver knytte til ein god skulestart og korleis ein kan skape eit trygt og utviklande skulemiljø. Du finn òg mange andre gode tips og råd her.
For elevar på helse- og oppvekstfag er det nyttig å øve på framføringar og presentasjonar. Dei to ressursane 11 kreative tips til framføringar og Presentasjonar er fagstoff og oppgåver som gir elevane innsikt i kva dette er, og moglegheit til å øve.
Engelsk, naturfag, matematikk og kroppsøving har kompetansemål som gjer det mogleg å samarbeide om ulike prosjekt i løpet av året. Eit tips er å gå gjennom kompetansemåla i desse faga og samarbeide med fellesfaglærarar og lage ulike prosjekt som de kan gjennomføre i alle faga.