Hopp til innhald
Oppgåve

Fagorganisert eller ikkje?

Som arbeidstakar har du rett til å melde deg inn i ei fagforeining. Fagforeiningar er gjerne del av ein større fagorganisasjon, og for å vere medlem må du betale kontingent. Nokre fagforeiningar stiller krav om ei spesifikk utdanning for å kunne melde seg inn, andre har medlemmer frå ulike yrker.

Som arbeidstakar har du ein rett, men inga plikt, til å vere medlem av ei fagforeining. For yrkesutøvarar innan helse- og oppveksttenestene finst det fleire ulike fagforeiningar du kan bli medlem av. Det er derfor viktig at du set deg inn i kva dei ulike organisasjonane tilbyr medlemmene sine, før du melder deg inn.

Oppgåver

  1. Vel deg eit yrke innan helse- og oppvekstfag. Kva fagforeiningar kan du bli medlem av som fagarbeidar innan dette yrket?
  2. Kva fagforeining organiserer flest fagarbeidarar innan det yrket du har valt?
  3. Kva for andre yrkesgrupper kan vere medlem i same fagforeining?
  4. Kva kan denne fagforeininga tilby medlemmene sine?
  5. Finn ei fagforeining for tilsette innan helse- og oppvekstsektoren med høgskuleutdanning. Kva likskapar og forskjellar er det i tenestetilbodet mellom denne fagforeininga og foreininga i oppgåve 2?
  6. Drøft argument for og imot å vere medlem av ei fagforeining.


CC BY-SA 4.0Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2020