Velferdsteknologi som politisk satsingsområde
«Med velferdsteknologi menes først og fremst teknologisk assistanse som bidrar til økt trygghet, sikkerhet, sosial deltakelse, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet, og styrker den enkeltes evne til å klare seg selv i hverdagen til tross for sykdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsatt funksjonsevne.» (KS og NHO 2009; AALIANCE 2009)
Regjeringa har tidlegare lagt fram Meld. St. 10 (2012–2013) God kvalitet - trygge tjenester – Kvalitet og pasientsikkerhet i helse- og omsorgstjenesten. Meld. St. 10 God kvalitet - trygge tjenester
Denne hadde som mål:
- eit meir brukarorientert helse- og omsorgstilbod
- ei meir aktiv pasient- og brukarrolle
- meir systematisk utprøving av nye behandlingsmetodar
- betre kvalitet gjennom kunnskap og innovasjon
Det blir satsa på ein framtidsretta omsorgspolitikk. Der føreset ein at brukargruppene i framtida blir tekne vare på i alle aldrar og med den enkelte sine behov.
Velferdsteknologi i velferdsamfunnet
Det må arbeidast for at dei med funksjonsnedsetjande utfordringar blir varetekne. Det må også arbeidast for å utforme ein aktiv seniorpolitikk for alle samfunnsområde og ein moderne pårørandepolitikk.
Skal velferdssamfunnet verkeleggjere verdiar som deltaking, uavhengnad, sjølvstende, verdigheit og normalisering, føreset det sterk brukarinnverknad og kontroll over eigen livssituasjon.
NOU 2011: 11 (2011, 16. juni). Innovasjon i omsorg. Henta 27. februar 2020 frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2011-11/id646812/?ch=9