Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å møte pasienten på legekontoret

Som helsesekretær på eit legekontor møter du mange forskjellige menneske med ulikt behov for helsehjelp. Då er det viktig at du opptrer profesjonelt og viser respekt for alle.
Ein helsesekretær møter pasientar på venterommet på legekontoret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Dette er nokre av pasientane som vender seg til legekontoret i løpet av dagen:
  • Eline på 16 år skal bestille time fordi ho treng resept på p-piller.
  • Olga Nilsen på 88 år ringjer og klagar over vondt i ryggen. Ho ringjer legekontoret minst éin gong i veka og vil helst snakke med fastlegen, men det er sjeldan han har tid.
  • Kadim på 36 år skal ta dykkarsertifikat og treng helseattest. Kadim har ikkje vore lenge i Noreg og snakkar dårleg norsk, men han er god i engelsk.
  • Roy på 27 år, som brukar narkotika, kjem innom og er veldig uroleg. Han ber om å få noko å roe nervane på. Mona kjenner han etter tidlegare besøk på legekontoret.
  • Mora til Anne på 9 år ringjer og er fortvila. Det er luseepidemi på skulen.

Lag eitt eller fleire rollespel ut frå dette. Ein observatør gir tilbakemelding på korleis rollespelet vart gjennomført. Diskuter kva som var bra, og kva som kunne vore gjort annleis.

Relatert innhald

Når du arbeider i helse- og oppvekstsektoren, kan du kome i situasjonar der det ikkje er så enkelt å velje kva du skal gjere.

CC BY-NC-SASkrive av Agnes Brønstad, Guri Bente Hårberg, Trine Merethe Paulsen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2020

Læringsressursar

På jobb som helsesekretær