Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Formelrekning

Oppgåvene kan løysast både med og utan hjelpemiddel, men vi tilrår å gjere begge delar.

Oppgåve 1

Heimebanen til Liverpool FC heiter Anfield Stadium, eller berre Anfield. Banestorleiken er 100 meter x 69 meter.

a) Kva slags geometrisk figur er ein fotballbane? Skriv opp formelen vi bruker for å rekne ut arealet av ein slik figur.

Løysing

Ein fotballbane har form som eit rektangel. Formelen for arealet A kan skrivast som

A=l·b

der l står for lengda og b står for breidda av fotballbanen.

b) Kor mange kvadratmeter er Anfield?

Løysing

Med dette meinest at vi skal rekne ut arealet av banen i kvadratmeter. Vi får

100 m·69 m=6 900 m2

Anfield Stadium er 6 900 m2.

Old Trafford er heimebanen til Manchester United. Banestorleiken er 106 meter x 69 meter.

c) Kor mange kvadratmeter større er banen til Manchester United enn banen til Liverpool FC?

Løysing

Arealet av Old Trafford er: 106 m·69 m=7 314 m2

7 314 m2-6 900 m2=414 m2

Banen på Old Trafford er 414 m2 større enn banen på Anfield.

Grunnflata til ein normalt stor einebustad er 100 m2.

d) Kor mange einebustader av denne storleiken er det plass til på kvart av stadiona?

Løysing

Talet på einebustader det er plass til på Anfield: 6 900100=69

Talet på einebustader det er plass til på Old Trafford: 7 31410073

Oppgåve 2

Ellen hadde på 2000-tallet eit såkalla kontantkort på mobilen. Det kosta 0,59 kr for ei tekstmelding. La A stå for talet på tekstmeldingar og x for kor mye pengar det er på kontantkortet.

a) Finn ein formel for talet på meldingar ho kan sende for pengane som er på kortet.

Løysing

Vi får talet på meldingar ved å dele kor mykje pengar det er på kortet på prisen per tekstmelding. Dette gir

A=x0,59

b) Kor mange tekstmeldingar kan Ellen sende dersom ho har 150 kr igjen på kontantkortet?

Løysing

A=1500,59254

Ellen kan sende 254 tekstmeldingar for 150 kroner.

Oppgåve 3

Løys oppgåvene utan hjelpemiddel.

Gitt formelen  s=v·t  der s står for strekning, v for fart og t for tid. Løys formelen med omsyn på

a) farten, v

Løysing

s = v·tv·t=sv=st

b) tida, t

Løysing

s = v·tv·t=st=sv

Oppgåve 4

Løys oppgåvene utan hjelpemiddel.

a) Arealet av ein sirkel er gitt ved formelen  A=π·r2.

Løys formelen med omsyn på r.

Løysing

A = π·r2π·r2=Ar2=Aπr=Aπ

b) Volumet av ein terning er gitt ved fomelen  V=s3.

Løys formelen med omsyn på s.

Løysing

V = s3s3=Vs33=V3s=V3s=V13

c) Volumet av ein sylinder er gitt ved  V=πr2h.

1) Løys formelen med omsyn på h.

Løysing

V = πr2hπr2h=Vh=Vπr2

2) Løys formelen med omsyn på r.

Løysing

V = πr2hπr2h=Vr2=Vπhr=Vπh

d) Volumet av ei kjegle er gitt ved  V=πr2h3.

1) Løys formelen med omsyn på h.

Løysing

V = πr2h3πr2h3=Vπr2h=3Vh=3Vπr2

2) Løys formelen med omsyn på r.

Løysing

V = πr2h3πr2h3=Vπr2h=3Vr2=3Vπhr=3Vπh

e) Volumet av ei kule er gitt ved  V=4πr33.

Løys formelen med omsyn på r.

Løysing

V = 4πr334πr33=V4πr3=3Vr3=3V4πr=3V4π3

Oppgåve 5

Løys oppgåvene utan hjelpemiddel.

Frå fysikken har vi desse formlane.

Løys formlane med omsyn på t.

a) s=12at2

Løysing

12at2 = sat2=2st2=2sat=2sa

b) v=v0+at

Løysing

v0+at = vat=v-v0t=v-v0a

c) s=(v0+v)·t2

Løysing

v0+v·t2 = sv0+v·t=2st=2sv0+v

Oppgåve 6

Løys oppgåvene med hjelpemiddel.

Samanhengen mellom fahrenheitgrader og celsiusgrader er gitt ved formelen

F=95·C+32

Her står C for temperaturen målt i celsiusgrader og F for temperaturen målt i fahrenheitgrader.

a) Gradestokken viser ein dag 0°C. Kor mange grader fahrenheit svarar dette til?

Løysing

Løysing med CAS i GeoGebra:

På linje 1 i CAS-feltet i GeoGebra er stor F av stor C definert som 9 femdelar multiplisert med stor C pluss 32. Svaret er det same. På linje 2 er stor F av 0 rekna ut til 32. Skjermutklipp.

Her har vi først skrive inn formelen (funksjonen) for temperaturen i grader farhrenheit. Etterpå har vi bedt GeoGebra rekne ut formelen for C=0.

Oppgåva er også lett å rekne ut for hand.

F=95·C+32=95·0+32=32

Ein temperatur på 0°C svarar til 32°F.

b) Løys formelen med omsyn på C.

Løysing

Løysing med CAS:

På linje 1 i CAS-vindauget i GeoGebra er det skrive Løys parentes stor F er lik 9 femdelar multiplisert med stor C pluss 32 komma, C parentes slutt. Svaret er C er lik 5 nidelar multiplisert med F minus 160 nidelar. Skjermutklipp.

c) Gradestokken viser 65°F. Kor mange grader celsius svarar dette til?

Løysing

Løysing med CAS:

På linje 2 i CAS-vindauget i GeoGebra er 5 nidelar multiplisert med 65 minus 160 nidelar rekna ut med tilnærming til 18,333. Skjermutklipp.

Ein temperatur på 65°F svarar til ca 18,3°C.

Oppgåve 7

Løys oppgåvene med hjelpemiddel.

Eit telefonabonnement kosta i 2008 49 kroner i fast månadspris og 0,85 kroner per minutt for samtaler. Eit anna abonnement kosta 99 kroner i fast månadspris og 0,59 kroner per minutt for samtaler.

Ved kor mange minutt ringjetid er dei to abonnementa likeverdige i pris?

Løysing

Vi set x lik talet på minutt vi ringjer i ein månad og finn eit uttrykk for prisen for kvart av abonnementa. For kvart abonnement får vi minuttprisen multiplisert med talet på ringjeminutt pluss fastprisen. Det første abonnementet blir  0,85x+49, det andre blir  0,59x+99. Så set vi desse lik kvarandre.

Løysing med CAS:

På linje 1 I CAS-vindauget i GeoGebra er det skrive Løys parentes 0,85 x pluss 49 er lik 0,59 x pluss 99 parentes slutt. Svaret er x er lik 2500 delt på 13. På linje 2 er det skrive dollarteikn 1. Svaret med tilnærming er x er lik 192,308. Skjermutklipp.

Ved ei ringjetid på 192 minutt er abonnementa likeverdige i pris.

Oppgåve 8 Utfordring

Løys oppgåvene utan hjelpemiddel.

Vinkelsummen i ein trekant er 180°, i ein firkant 360°, og i ein femkant 540° .

a) Lag ein formel som viser vinkelsummen V i en mangekant med n sider.

Løysing

Vinkelsummen V i ein n-kant kan skrivast som  V=n-2·180°

I ein regulær mangekant er vinklane like store, til dømes er vinklane i ein regulær trekant 60°, i ein regulær firkant 90° og i ein regulær femkant 108°.

b) Finn ein formel som viser vinkelen i ein regulær n-kant.

Tips

Vinkelen v i ein regulær n-kant finn vi ved å ta vinkelsummen V i ein n-kant frå oppgåve a) og dele på talet på sider n.

Løysing

Vinkelen v i ein regulær n-kant finn vi ved å ta vinkelsummen V i ein n-kant frå oppgåve a) og dele på talet på sider n. Vi får

v=Vn=(n-2)·180°n=n·180°-360°n=180°-360°n

Oppgåve 9

Kva kan du om formelrekning?

Filer

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2021

Læringsressursar

Bokstavrekning og likningar