Oppsummeringsoppgåver om energi og berekraft
Desse oppgåvene tek for seg hovudpunkta i emnet Energi og berekraft.
Oppgåve 1. Memory
Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.
Oppgåve 2. Forklar orda
- Finn forklaringar på orda i oppgåva over.
- Er det nokon av orda som er viktige i det som skal bli yrket ditt?
- Forklar kva måte orda er viktige på, og kvifor dei eventuelt ikkje er det.
Oppgåve 3. Høg- og lågverdig energi
Oppgåve 4. Energikjeder
- Kva meiner vi med ein energiovergang?
- Kva energiovergangar kan du finne i biletet?
- Kva meiner vi med ei energikjede?
- Ta utgangspunkt i biletet, og lag energikjeder med ulik lengd.
- Kva slags form har energien når du ikkje får energikjeda til å halde fram eitt trinn til?
Oppgåve 5. Bygg opp ei energikjede
Oppgåve 6. Fleirvalsoppgåver
Oppgåve 7. Dra måtane å lagre energi på til riktig kategori
Oppgåve 8. Svar på spørsmåla
- Kva meiner vi med verknadsgrad?
- Verknadsgrada i eit solcellepanel kan vere 25 %. Kva betyr dette?
- Kva er ei energikjede? Gi døme.
- Kva er termisk energi?
- Kvifor vel ein ikkje alltid den innretninga som har høgast verknadsgrad?
- Kva meiner vi med kjemisk lagring av energi? Gi døme på ulike måtar å lagre energi kjemisk på.
- Kva fordelar og ulemper er det ved ulike typar kjemisk lagring?
- Kva meiner vi med mekanisk lagring av energi? Gi døme på ulike situasjonar der vi bruker mekanisk lagring.
- Kva fordelar og ulemper er det ved ulike typar kjemisk lagring?
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2023