Hopp til innhald

Fagstoff

Isolatøren

Isolatøren kan arbeide med isolering av røyr, kanalar og anna utstyr på bygg og anlegg, om bord på skip, i offshoreindustrien eller annan industri. Å forhindre energitap er ein viktig del av kvardagen til isolatøren. Isolatørfaget omfattar òg brann- og støyisolering.
Tre bileter av ulike isolasjonsmateriale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Isolatørfaget

Isolatørfaget er eit yrke med fleire moglegheiter for spesialisering. Isolering og overflatevern av røyr, kanalar, tankar og utstyr er ein stor del av faget, og det kan gå føre seg på ulike stader og innanfor ulike bransjar. Som isolatør kan du få jobb både i bygg- og anleggsbransjen, om bord på skip, i offshoreindustri eller annan industri.

Energieffektivisering

Ein av isolatørens hovudoppgåver er å forhindre energitap, anten det er kulde eller varme. Dette blir kalla termisk isolering og handlar om av ulike anlegg. Vi vil ha energien dit han skal brukast, utan å miste for mykje på vegen. Det blir ofte brukt isolasjon av ulike typar mineralull på slike anlegg.

Kondensisolering

I tillegg til behov for å forhindre energitap vil anlegg der det blir transportert kalde gassar eller væsker, trenge kondensisolering. Sjå for deg ei iskald flaske som akkurat er teken ut av kjøleskapet ein varm sommardag. Denne vil raskt få eit lag med kondens på utsida på grunn av den store temperaturforskjellen. Det same vil skje med til dømes eit kaldvassrøyr, og kondensen frå røyra kan forårsake vasskadar i bygningen. På slike røyr blir det derfor montert isolasjon av cellegummi, som er både luft- og vasstett.

Branntetting

Ein isolatør kan òg isolere for å motverke spreiing av brann og brannskadar på bygg. Større bygg består vanlegvis av mange brannceller. Det betyr at bygget er laga på ein måte som skal forhindre at brann spreier seg frå eitt rom til eit anna. Når eit røyr eller ein kanal går gjennom ein vegg eller eit golv, vil dette bryte branncella. Då er det viktig at det blir tetta på rett måte i gjennomføringa. Dette blir kalla branntetting og kan gjerast med spesielle massar eller brannpakningar. Berande stålkonstruksjonar kan òg bli utsette for høge temperaturar ved brann, og dei kan isolerast for å tole høgare temperaturar før dei blir svekte. Då legg ein matter av steinull utanpå stålet, som blir sveisa fast med eit boltsveiseapparat.

Sjå meir om yrket isolatør på utdanning.no. Der kan du òg sjå eit videoklipp der du møter ein lærling i isolatørfaget.

CC BY-SASkrive av Marius Weum Stick.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2021

Læringsressursar

Isolatør