Hopp til innhald

Fagstoff

Belastningsklassar for stillas

Stillas er delte inn i belastningsklassar ut frå kor mykje vekt dei skal tole. Dette er viktig fordi det er stor forskjell på vekta av murstein når du murar ein vegg, og vekta av måling når du målar ein vegg.
To personar justerer ein stillasfot med skrue og vater. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Belastningsklassar

Under ser du kor mykje vekt du kan ha på eit stillas når vekta er fordelt utover stillasplattingane.

Klasse 1. Belastning 75 kg/m2

Inspeksjonar og arbeidsoppgåver med lett verktøy og inga lagring på stillaset.

Klasse 2. Belastning 150 kg/m2

Inspeksjonsarbeid og arbeid utan lagring av materiell, unntatt det som blir forbrukt.

Klasse 3. Belastning 200 kg/m2

Generelt bygningsarbeid. Materiell og verktøy til snarleg bruk kan lagrast på stillasgolvet.

Klasse 4. Belastning 300 kg/m2

Tyngre pussearbeid og murararbeid med utstyr spreidd utover stillasgolvet. Til arbeid der det kan påreknast litt lagring.

Klasse 5. Belastning 450 kg/m2

Tungt murararbeid med kubikkpallar under 750 kg. Toler lagring av til dømes pallar av murstein og Leca.

Klasse 6. Belastning 600 kg/m2

Tyngre murararbeid med kubikkpallar under 1000 kg. Toler lagring av betongblokker, stein og liknande.

CC BY-SASkrive av Knut Grønvold, Trond Kjetil Egeland og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Stillasbyggjaren