Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Limtrefaget

Fagartikkel

Limtreproduksjon

Vi følgjer produksjonen av limtrebjelke frå tømmer gjennom saging, tørking, fingerskøyting, høvling, liming og pakking til han endar som mønebjelke i eit hus. Produksjonen er omtrent lik for bjelkar, bruer, møblar og parkett.

Tre

Det er bartre som vanlegvis blir brukte til limtreproduksjon, det vil seie gran og furu.

Tømmer

Treet blir hogd, kvista og levert til limtrefabrikken som tømmer.

Saging

Tømmeret blir saga til eller , som heiter i limtrefaget. Lamellane kan vere frå 6 mm til 45 mm tjukke. Breidda på lamellane varierer også.

Tørking

Lamellane blir så lagde til for å hindre at dei endrar form eller rotnar seinare.

Fingerskøyt

Dersom det skal lagast lange i limtre, må lamellane skøytast i lengda. Dette gjer vi ved å lime dei saman i ein fingerskøyt.

Høvling av lamell

Lamellane blir høvla slik at dei får ei jamn overflate. Dette gjer vi for at dei skal passe godt saman når vi limer dei.

Påføring av lim

Lim blir påført ved at lamellane blir skyvde under eit røyr med dyser. Dysene sprøytar ut lim på lamellane. Det blir brukt eit såkalla MUF-lim

Samanpressing og herding av lim

Lamellane som er påførte lim, blir pressa saman slik at det ikkje blir sprekkar mellom lamellane. Dei ligg i press til limet er eller tørka.

Høvling av limtrekomponent

Etter at limet er herda/tørka, blir limtrekomponenten høvla for å få nøyaktig storleik.

Pakking

Den ferdige limtrekomponenten blir så pakka i plast for å verne mot fukt og smuss.

Bygging

Limtrekomponenten kan bli berande - i ein takkonstruksjon.

Video av fingerskjøt. Video: Kjell Brørs / CC BY-SA 4.0
CC BY-SA 4.0Skrive av Kai Henning Andersen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019