Fagartikkel
Underbygnad
Underbygnaden gjer at jernbanesporet ligg støtt og stabilt i all slags vêr over mange år. Underbygnaden er fundamentet for jernbanesporet.
Underbygnaden kan bestå av grov pukk i ulike storleikar. Saman med overbygnaden utgjer dei banelekamen. Underbygnaden til sporet skal leggjast slik i terrenget at det blir best mogleg for miljøet rundt. Skjeringa blir gravd ut og fyllinga blir laga med gravemaskiner. Det skal vere fall på 3 % ut til kvar side frå midten av banelekamen. Det er viktig for at vatnet skal renne bort.
Så tek arbeidet med underbygnaden til:
- Fiberduk blir lagd for at ikkje massane (jorda) skal blande seg med stein og grus i underbygnaden.
- Det blir lagt ned dreneringsrøyr så vatnet blir leidd bort frå banelekamen.
- Pukk som utgjer underbygnaden, blir lagd ut til riktig høgd.
Underbygnaden skal:
- fordele og overføre vekta av toget til grunnen
- drenere bort vatn for betre stabilitet og å unngå tele
Underbygnad er eit fag som også kan knytast til byggjegrunn, vegbygging og tunneldrift, spesielt det som handlar om drenering og oppfylling av fundamentet.