Hopp til innhald

Fagstoff

Motorsag for tømraren

Motorsag er ein reiskap som nokre gonger blir brukt i byggjebransjen. Motorsaga blir mest brukt i samband med riving og ombygging av hus. Når du bruker motorsaga i hus, er det stor fare for å sage i metall som spiker og skruar. Det utgjer ein ekstra risiko ved bruk av motorsag.
Oransje motorsag på betonggolv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innandørs

Når motorsag blir brukt innandørs, er det eit problem med eksosen frå bensinmotoren på saga. Derfor blir det brukt elektrisk motorsag med leidning til nettet eller oppladbart batteri innandørs.

Saga hol i vegg og golv

Motorsag er eit eigna reiskap for å sage hol i ein vegg eller golv. Det kan vere når du skal setje inn eit ekstra vindauge i huset. Då må du bruke spissen på saga for å sage inn i veggen. Risikoen for at sagbladet blir slått mot deg, er då stor (tilbakeslag). For å unngå tilbakeslag er det viktig å halde sagbladet mest mogleg på langs av veggen.

Motorsag i rett vinkel mot vegg, som er feil måte å sage på, og motorsag i spiss vinkel mot vegg, som er riktig. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Harde materiale

Når du sagar gjennom ein vegg eller eit golv, veit du ikkje alltid kva som er inne i veggen. Det er då alltid ein sjanse for at du sagar i spikar, skruar, betong eller mur. Det er ikkje motorsaga laga for. Saga kan då øydeleggjast. Ver ekstra forsiktig, då dette kan medføre tilbakeslag, og at du kan bli treft av ei sagkjede som går av.

Sikkerheit

Tryggingsreglane for bruk av motorsag er dei same uansett kvar ho blir brukt. Det betyr at du alltid må bruke verneutstyr som vernesko, vernebukse, hjelm med visir og høyrselsvern.

CC BY-SASkrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2020

Læringsressursar

Tømraren