Hopp til innhald
Fagartikkel

Utplantingsplanter – fargelegg byen

Når det ikkje er fare for nattefrost, vert hagar og bysenter pryda med det vi kallar utplantingsplanter eller sommarblomstrar. Dette er planter berekna til å pynte balkongar, terrassar eller plantebed frå midten av mai til slutten av september – sjølvsagt avhengig av kor herdig planta er.

Kjem det frost, er planta øydelagd. Årsaka til det er at nesten alle desse vekstane opphavleg kjem frå varmare strøk utan minusgrader.

Utplantingsplanter utmerkjer seg ved overdådig blomstring, pyntande bladverk og/eller fin lukt. Dessutan blomstrar dei frå dei blir planta ut til dei blir samla inn att om hausten. Utvalet av utplantingsplanter er stort og dekkjer faktisk alle fargenyansar. Det finst ståande og hengande artar, småblomstra og storblomstra, dei som liker seg i halvskugge, og dei som vil ha full sol.

Alle utplantingsplanter treng god jord, ein del gjødsling og mykje vatn for å vekse seg store og fine. Ofte er det også nødvendig å fjerne visne blomstrar og luke vekk ugras. For anleggsgartnaren betyr dette mykje og nøyaktig jobbing, gjerne etter vedlikehaldsplanar.

Hugselappen

Tidspunkt

Når det ikkje lenger er fare for nattefrost

Arter

Sommarblomstar

Reiskapar

Planteskei og kultivator

Sommarvedlikehald

Vatne, gjødsle, fjerne, visne, luke

Høstarbeid

Samle inn og rydde

Relatert innhald

Fagstoff
Sommarblomstrar – utplantingsplanter

Vi sår sommarplanter til bruk i potter, kasser og bed inne om våren og driv dei fram i veksthuset. Vi plantar dei ut når temperaturen tillet det.

CC BY-SA 4.0Skrive av Tor Harald Ottersland.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019