Lag nyheitsinnslag for radio
I kortfilmen Oslo Traffic (2016) gjer to kvinner eit drap ved eit uhell. Sjå filmen.
1. Oppdraget
De jobbar som reporterar i NRK P3nyheter. På morgonmøtet får de vite at ein mann er funnen drepen i Oslo i natt. De skal lage ei nyheitssak om hendinga. Politiet har få spor å gå etter og vil ugjerne avsløre identiteten til mannen.
Bruk hendingane i kortfilmen Oslo Traffic som utgangspunkt for å byggje opp eit radioinnslag etter APUS-modellen.
Ta i bruk det de har lært om dramaturgi i nyheitsinnslag, og skap gjerne eigne intervjuobjekt.
Innslaget bør vare mellom 30–60 sekund.
2. Produksjonsprosessen
Planlegg dramaturgien godt før de speler inn innslaget.
Tenk gjennom:
- Korleis vekkjer vi lyttarane (anslaget)?
- Kven skal vi intervjue (presentasjonen)?
- Kven kan fortelje oss meir om korleis og kvifor dette har skjedd (utdjupinga)?
- Korleis får vi til å runde av innslaget på ein god måte?
3. Visning
Spel av nyheitsinnslaga for kvarandre når de er ferdige. Lytt til innslaga til kvarandre.
4. Kvarandrevurdering
Vurder til slutt kvarandre. Bruk gjerne tabellen under.
Vurderingskriterium | 1 Poeng | 2 poeng | 3 poeng |
---|---|---|---|
Anslaget er tydeleg og vekkjer interesse. | |||
Presentasjonen gjer oss betre kjende med kven, kva, kvar. | |||
Utdjupinga forsøkjer å gi oss fleire svar. | |||
Slutten rundar av innslaget klart og effektivt. |