Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
ISO, blendar og lukkar

Øving

Kamerasimulator

Bruk kamerasimulatoren, og sjå korleis bileta blir forandra når du leikar med innstillingane for blendaropning, lukkartid og ISO-verdiar.

Følg lenkja til kamerasimulatoren (NDLA), og finn ut kva som skjer med bileta når du endrar innstillingane for blendaropning, lukkartid og ISO-verdiar.

Svar på desse spørsmåla

  1. Beskriv kva blendaren gjer.
  2. Korleis påverkar blendaropninga djupna i biletet?
  3. Kva gjer ISO?
  4. Kva slags ISO bør du bruke om du tek bilete inne og det er litt mørkt?
  5. Beskriv kva lukkartid er.
  6. Kva skjer med bileta når du justerer lukkartida?
CC BY-SA 4.0Skrive av Maren Aftret-Sandal, Tom Knudsen og Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020