Døme på portrettintervju
Ein god journalist både lagar og stiller gode spørsmål. Du må også førebu utstyr du treng i intervjusituasjonen.
Før du skal intervjue, kan det vere lurt å lese eit døme på eit portrettintervju. Årsaka er at dette er ein sjanger som krev at du gjer nokre notat i intervjufasen. Du skal nemleg ikkje berre skrive ned svara til O, men også få fram personlegdommen.
Eksempel
- Portrettintervju av Magnus Carlsen på Studenttorget
- Kort intervju med Martin Ødegaard på TV2
- Portrettintervju med Sophie Elise i Elle
Øv deg
Sjå intervjuet Sofie gjer med Markus Bailey frå Barne-TV om att. Korleis ville du ha skrive om kroppsspråket hans for å vise kva slags personlegdom han har?
Løysingsforslag
Markus Bailey er ivrig og engasjert mens han pratar. Det kan det vere fint å vise lesarane dine. Då kan du til dømes skrive:
"Markus smiler og gestikulerer ivrig mens han beskriv jobben sin i Barne-TV. På spørsmål om kva han synest om det grøne rommet, smiler han lurt og...."
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2019