Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kontrast og balanse i grafisk design

Fagartikkel

Kontrast i storleik

Det finst mange ulike kontrastar. Her skal vi sjå nærmare på kontrastar som bygger på storleik. Ved å bruke desse kontrastane framhever vi det vi ønsker skal få merksemd i designet.

Storleikskontrastar

Eit stort bilete i eit oppslag vil skilje seg ut blant mange små bilete. Mottakaren vil då legge ekstra merke til dette.


Det er ikkje alltid vi treng å gjere eit element stort for at det skal synast. Nokre gonger kan ein liten tekst, eller eit lite bilete, skilje seg ut og vekke merksemd.

CC BY-SA 4.0Skrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017