Bruk ulike teknikkar for idéutvikling
Oppgåve 1: ABC-metoden
Bruk ABC-metoden for å skrive ned saker eller emne som er relevante for ei bestemt tid på året. Du kan velje ei høgtid (som påske, jul, id), ei årstid (vinter, vår, sommar, haust), eller ei fast årleg storhending.
- Gjer klart ABC-skjemaet ditt, og set av 15 minutt til å fylle ut flest mogleg ord.
- Få ein klassekamerat til å plukke ut fem ord blant dei du har skrive ned.
- Vel så ut to av dei orda klassekameraten din har valt.
Relatert innhald
Oppgåve 2: tankekart
Bruk eit tankekart til å myldre fram ein idé om korleis ein kan få elevar til å inkludere kvarandre sosialt i skulekvardagen. Bruk 10 minutt åleine og 10 minutt saman med ein eller to andre. Hjelp kvarandre med å byggje ut tankekarta.
Relatert innhald
Oppgåve 3: rollespel
Gå saman to og to. Bruk metoden «pessimisten versus optimisten» til å myldre fram tre idear til design av ein emballasje for anten mjølk eller ein drikk laga av bær, til dømes jordbærjus, bringebærnektar eller blåbærsaft.
- Optimisten startar og føreslår fenomenale løysingar.
- Pessimisten har ansvar for å finne utfordringane i dei fenomenale ideane.
- Etter 5 minutt byter de om på rollene.
- Byt grupper og gjer same runde ein gong til.
- Notar ned pluss- og minusfaktorane som kom fram i dialogen, slik du hugsar det.
Relatert innhald
Oppgåve 4: visualisering av idé med fyrstikkskisser
- Vel ein idé som kom fram då du jobba med tankekartet.
- Teikn fem fyrstikkskisser.
- Plukk ut ei skisse og vis ho til ein klassekamerat.
- Forklar skissa, og grunngi kvifor du valde nettopp denne.
Relatert innhald
Oppgåve 5: stemningsplansje
Vel ei årstid og lag ein stemningsplansje (moodboard) som illustrerer forholdet ditt til denne årstida. Ikkje bruk ord, bruk berre visuelle element. Du kan gjere det med saks og papir eller digitalt. Avtal med læraren korleis du skal presentere stemningsplansjen din.