Jobb med CC-lisensar for publisering på nett
Lag ein videopresentasjon eller ein infografikk om plagiering. Bli einig med læraren din om kor mykje arbeid du skal leggje i oppgåva.
Har du gjort oppgåva om plagiat eller inspirasjon, kan du ta utgangspunkt i teksten du allereie har skrive om plagiering. Skriv han om til eit munnleg manus, og hugs å planleggje korleis du skal få inn kjeldereferansar.
Creative Commons-lisensar gir deg høve til å dele verka dine med andre og til å gi dei ulike typar bruksrett. Dei gir deg også høve til å bruke verk andre har laga. Eit verk som ikkje er merkt med CC-lisens, er automatisk verna under den vanlege åndsverkslova.
1. Finn CC-lisensiert innhald
I tenestene nedanfor kan du finne innhald du kan bruke fritt i ditt eige arbeid og publisere vidare ut på internett. Husk å oppgi namn på opphavar og tittel på verk, og rett lisens.
Bilete og videoklipp
Wikimedia Commons – her finst bilete, lydklipp og videoar. Hugs å sjekke lisensiering.
Image After – søkbar database med bilete som kan brukast fritt. Lisensiering for desse bileta finn du under "Terms of Use".
Stockvault – her finst det mange bilete som kan brukast. Lisensiering for bileta kan du lese om under "Info/Terms of Use".
Lyd og musikk
Partners in Rhyme – her finst lydeffektar til fri bruk. Ver merksam på at det finst mange ressursar på denne nettstaden, men ein del av dei kostar. Lydeffektane vi har lenka til her, er gratis.
The Freesound Project – det krevst registrering for å laste ned lydspor herfrå, men desse kan fritt brukast. Lydspora er lisensierte med ein eigen CC-lisens som heiter Sampling Plus 1.0.
Soungle – lydar til fri bruk
Soundsnap – på denne nettstaden kan ein laste ned opptil fem gratis lydspor per månad. Krev registrering.
Urørt – gir deg tilgang til gratis ny norsk musikk via Urørt på P3. For å få full tilgang må du registrere deg.
2. Produser og lisensier arbeidet ditt
Bruk verktøyet til å finne ein lisens som passar for deg.
Utforsk Creative Commons-lisensiering
3. Publiser arbeidet ditt
Finn ein kanal der det er naturleg å publisere arbeidet ditt.