Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tjuveri eller kunst i filmen "Obey Giant"

Her skal du frå eit opphavsrettsleg perspektiv vurdere måten gatekunstnaren Shepard Fairey har attskapt eit Barack Obama-bilete på.

Oppgåver

  1. Repeter: Kva er opphavsrett, åndsverklova og Creative Commons?

  2. Sjå dokumentarfilmen Obey Giant om den amerikanske gatekunstnaren Shepard Fairey. Dersom du ikkje har moglegheit til å sjå heile filmen, kan du spole fram til 00:40 og sjå ti minutt av han. Då får du med deg det viktigaste.

  3. Kvifor fekk kunstnaren Shepard Fairey problem med opphavsretten då han laga HOPE-plakaten av Barack Obama?

  4. Kva for nokre opphavsrettslege og etiske vurderingar burde han ha gjort seg i forkant?

  5. Kva fortel desse utsegnene frå filmen om eksisterande haldningar til Faireys kunst?

    • "Han fann opp det politiske biletet på nytt."

    • "Han er berømt for plagiat."

    • "Han er eit geni!"

    • "Han reknar klipp og lim som kunst."

  6. Reflekter: Kvar går grensa mellom det å la seg inspirere og det å kopiere eller plagiere på ein måte som utnyttar andre sine åndsverk? I kva samanhengar meiner du vi kan ha rett til å bruke om att materiale frå andre?

  7. Drøft denne påstanden: "Den kunstnariske fridommen blir avgrensa viss vi berre kan bruke lisensierte, delberre bilete."

Kort om HOPE-plakaten av Barack Obama

Shepard Faireys plakat med teikning av Barack Obama og ordet HOPE. Illustrasjon.

Portrettet som Shepard Fairey hadde brukt om att i plakaten sin, var teke av Mannie Garcia, ein fotograf hos det amerikanske nyheitsbyrået Assosiated Press (AP). Nyheitsbyrået meinte Fairey hadde brukt biletet utan lov, og dermed blei det juridisk kamp om opphavsretten til biletet og kunstverket. Kampen tok mange år og resulterte i advokatrekningar på over 15 millionar dollar. Ironisk nok kom Fairey og Garcia sjølv til semje over ein lunsj.

Relatert innhald

Er gatekunstnaren Shepard Fairey Warhol av vår tid, eller er han berre ein vandalist som plagierer kunsten til andre?

Vi lever i ein digital tidsalder der det er enkelt å kopiere åndsverk som andre har laga. Derfor er det viktig å kjenne til lover og reglar.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Opphavsrett