Hopp til innhald

Fagstoff

PFU: Pressens faglige utvalg

Pressens faglige utvalg (PFU) er eit klageorgan oppretta av Norsk Presseforbund. PFU skal sørgje for at pressa følgjer god presseskikk og reglane i Ver Varsam-plakaten.

Møte i Pressens faglige utvalg, medlemmer sit rundt eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er PFU?

  • Pressens faglige utvalg (PFU) skal overvake og fremje den etiske og faglege standarden i norsk presse.
  • PFU er oppretta av Norsk Presseforbund.
  • PFU består av sju medlemmer: fire frå pressa og tre frå allmenta.
  • Dei fleste europeiske land har liknande ordningar.

PFU sitt oppdrag

Pressens faglige utvalg skal sørgje for at pressa følgjer god presseskikk og reglane i Ver Varsam-plakaten. Pressa har sjølv pålagt seg eit ansvar for å vere etisk i arbeidet sitt, og retningslinjene for etikken er nedfelt i Ver Varsam-plakaten. Ver Varsam-plakaten blir lagt til grunn for PFU sine vurderingar og utsegner.

PFU er ingen domstol

Presseetikk og medias sjølvdømmeordning må ikkje forvekslast med rettslege standardar og domstolsbehandling. Media får ikkje straff i form av bøter, men brot på god presseskikk betyr at media må publisere ei fellande fråsegn på ein godt synleg plass. Eit vedtak i PFU kan ikkje ankast.

Sjølvjustisen til pressa

Med denne ordninga er det pressa sjølv som vurderer om presseetiske overtramp har skjedd. Pressa driv sjølvjustis, det er pressa sjølv som skal sørgje for at dei etiske retningslinjene blir følgde. Ut frå prinsippet om fridom og sjølvstende kan ikkje pressa overføre denne oppgåva til staten.

  • Kva tenkjer du om at pressa er sett til å vakte seg sjølv?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020

Læringsressursar

Etikk og medium