Analyse av dramaturgien i nyheitene
APUS-modellen er ein mykje brukt dramaturgisk modell i aktualitets- og hendingsnyheiter. Lytt til dette klippet frå ei tidlegare nyheitssending på NRK P3. Klarer du å identifisere dramaturgien i radioinnslaget?
Enkel dramaturgianalyse av eit nyheitsinnslag
Lytt til klippet og svar munnleg på spørsmåla. Jobb i par.
- Kor byrjar og sluttar anslaget? I kva grad klarer anslaget å vekkje nysgjerrigheita di og skape interesse?
- Kva blir sagt i presentasjonen? Kor vellykka synest du presentasjonen i dette innslaget er?
- Kva får vi vite i utdjupinga?
- Korleis er slutten på innslaget? Får vi ei avrunding?
- I kva grad meiner du dette innslaget er bygd opp etter APUS-modellen? Kva fungerte bra? Kva kunne ha fungert betre?
- Kvifor bør du ha eit bevisst forhold til dramaturgi når du lagar eit nyheitsinnslag?
Løysingsforslag
Programleiaren i studio introduserer kort kven og kva saka handlar om, før han set over til sjølve innslaget.
Anslaget startar med ei lykkeleg utsegn frå intervjuobjektet for å dra oss raskt inn i saka. "Wow, wow, wow..." Intervjuobjektet er ein glad irakar som er buset i Noreg.
Når reporteren namngir intervjuobjektet og spør kva dette betyr for han, er vi over i ein ny fase: presentasjonen. I denne delen får vi vite litt meir om intervjuobjektet.
I neste fase, utdjupinga, får vi mellom anna høyre eit kjent sitat frå Paul Bremer, sjefen for den sivile administrasjonen i Irak, som seier: "We got him". Deretter forklarer reporteren at mange irakarar har venta på denne dagen sidan Saddam Hussein vart teken.
Slutten er ei typisk avrunding av eit innslag i nyheitene. Då er vi tilbake i studio, og programleiaren avsluttar med å seie: "Reporter her var Grete Strøm." Dette blir kalla ein utroduksjon (utro på fagsjargong), kor namnet på den som har laga saka, blir nemnt. Utroduksjonen tilsvarer byline i ei avis.