Kva kan du no om målgrupper og kanalar?
Sjekk om du har forstått kanalar og målgrupper gjennom å skrive, teste påstandar og vurdere formidlinga i ein video.
Oppgåve 1: Skriv for å lære
- Set klokka på mobilen eller PC-en på nedtelling på 7 min.
- Skriv deretter alt du hugsar, veit om og har av eigne tankar om målgrupper og kanalar.
Oppgåve 2: Vel rett påstand
Kva for nokre av desse påstandane er rette?
Oppgåve 3
Denne undervisningsvideoen på Youtube om tekstmodellen er laga av medielærar Joachim Laberg.
- Skriv eit kort resyme av innhaldet.
- Kven er målgruppa for denne videoen? Begrunn svaret.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018