Hopp til innhald

Fagartikkel

Kommunikasjon som prosess og støy

Vi kan forstå kommunikasjon som ein prosess: Ein bodskap blir send frå ein avsendar til ein mottakar. Prosessmodellen bruker du for å beskrive og forstå meir inngåande korleis kommunikasjon som prosess går føre seg, med innkoding, avkoding og problem som kan oppstå med støy.

LK20

Støy kan stå i vegen for god kommunikasjon.

Kommunikasjon mellom menneske er veldig viktig, anten det dreier seg om og mellommenneskeleg kommunikasjon eller . Du ønskjer at bodskapen din skal nå fram slik du har tenkt det, og det same ønskjer profesjonelle medieprodusentar.

På den eine sida må vi vere gode til å kode bodskap for at mottakaren skal forstå dei slik dei er meinte. På den andre sida må vi hindre at støy øydelegg for bodskapen på vegen frå avsendar til mottakar.

Kva er ein kommunikasjonsmodell, og kva kan han brukast til?

Ein modell forenklar røynda på ein heilt bestemd måte. Dei er ofte visualiseringar av ein teori om noko bestemt. Kommunikasjonsmodellane nedanfor viser forenklingar av kommunikasjon som prosess. Modellane gjer det lettare for oss å beskrive og vurdere prosessen i kommunikasjonssituasjonar, nettopp fordi dei er forenklingar. Du kan òg bruke dei for å forstå og planleggje eigen kommunikasjon.

Den enkle kommunikasjonsmodellen

Den klassiske kommunikasjonsmodellen er ein veldig enkel modell. Han seier at "her skjer det overføring av ein bodskap frå A til B".

To figurar med ei ramme med ordet "Bodskap" mellom seg. Den eine held ein plakat som det står "Avsendar" på, og den andre held ein plakat som det står "Mottakar" på. Illustrasjon.

Prosessmodellen

Prosessmodellen byggjer på den klassiske kommunikasjonsmodellen, men har med fleire aspekt: "Her skjer det ei overføring av ein bodskap frå A til B gjennom koding og avkoding. Det er vanleg med tilbakemelding. Støy kan kome i vegen for overføringa av bodskapen."

Derfor er koding, avkoding og støy sentrale omgrep i modellen.

To figurar held ein plakat kvar der det står høvesvis "Avsendar" og "Mottakar". Mellom dei er tre boksar der orda "Koding", "Kanal" og "Avkoding" står. Det går piler frå venstre mot høgre mellom figurane og boksane. Pilene symboliserer meldinga som går frå avsendar til mottakar. Ordet "Støy" er over "Kanal"-boksen, og ei lang pil går frå mottakar-figuren tilbake til avsendar-figuren. Denne pila er merkt med ordet "Tilbakemelding". Ilustrasjon.

Sentrale omgrep i modellen

Avsendar

Avsendar er personen eller verksemda som sender meldinga. Dette kan vere læraren som forklarer deg noko, ein ven som sender deg ein SMS, eller ei bedrift som sender reklame midt i ein YouTube-video du ser på.

Koding

Koding handlar om korleis avsendaren vel å formidle meininga eller bodskapen han eller ho vil gi mottakaren, på ein måte som mottakaren kan forstå.

Kanal

Kanalen er mediet eller personen du får informasjon frå, det kan til dømes vere ansikt til ansikt via stemma, skriftleg på SMS, via bilete, lyd eller handrørsler.

Avkoding

Avkoding handlar om korleis avsendaren forstår meininga eller bodskapen som kjem frå mottakaren. Dette er ikkje alltid det same som meininga som avsendaren meinte å sende, sidan mottakaren bruker erfaringane og kunnskapane sine for å tolke meldinga når han eller ho avkodar meldinga.

Mottakar

Mottakaren er den som tek imot meldinga frå avsendaren. I ein vanleg samtale byter partane heile tida på å vere mottakar og sender.

Tilbakemelding

Ei tilbakemelding er responsen som meldinga utløyser hos mottakaren. Kanskje mottakaren ikkje forstår og ber deg gjenta eller nikkar for å vise at han eller ho er einig.

Støy

Støy er alt som står i vegen for at meldingar skal kunne nå fram slik dei er meinte. Det kan vere støy i form av bakgrunnsmusikk som gjer ein telefonsamtale vanskeleg, det kan vere dårleg nettverk som gjer at nettpraten "laggar", at avsendaren har ein uvan dialekt, eller at avsendaren har ein eller annan distraherande uvane. Alt dette gjer det vanskeleg for mottakaren å fokusere på bodskapen.

Opphavleg vart prosessmodellen laga for å beskrive korleis meldingar vart overførte teknisk. Forskarane Shannon og Weaver stod står bak modellen, og han vart først kjend i 1948 som ein matematisk kommunikasjonsteori.

Sist oppdatert 05.11.2018
Skrive av Albertine Aaberge og Caroline Nesbø Baker

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodeller