Kva sjanger tilhøyrer filmen?
Inndelinga av filmar i sjangrar er omstridd. I nokre samanhengar blir hovudvekta lagt på kjenneteikn ved filmspråket. Då blir det brukt sjangeromgrep som klassisk film, surrelastisk film, film noir og dogmefilm. I andre samanhengar blir filmar delte inn i sjanger primært etter dramaturgi og innhald. Då blir det brukt sjangeromgrep som drama, komedie, skrekkfilm, musikal osv.
Store norske leksikon seier dette om filmsjangrar:
«Innen film har sjangerbegrepet helst vært brukt med utgangspunkt i den anglo-amerikanske filmindustrien og om bestemte grupper av filmer: musikal, skrekkfilm, kriminalfilm, gangsterfilm, krigsfilm, western. Disse filmsjangerne kjennetegnes ved deres betydelige og varige appell overfor et bredt publikum.»
«Sjanger». (2013, 14. august).
Studer dei tre filmplakatane. Sjå gjerne anslaget til filmane (ca. dei første 5 minutta): Catfish, Victoria og Tuba Atlantic.
- Kva sjanger vil du seie filmane tilhøyrer?
- Kva kjenneteikn er det som gjer at du meiner filmen tilhøyrer nettopp denne sjangeren?
- Diskuter det du kom fram til med dei andre elevane i klassen. Har de komme fram til same svar? Kvifor? / Kvifor ikkje?
Sjanger (2013, 14. august). I Store norske leksikon. Hentet 28. april 2016 fra https://snl.no/sjanger.