Oppgåve
Refleksjonsoppgåve om sjangrar og format
Har du klart for deg kva som er ulikskapar mellom sjangrar og format?
Oppgåve 1: Gruppeoppgåve
Gå saman i grupper på tre elevar.
Finn eksempel på tre ulike mediesjangrar og gjer greie for typiske sjangertrekk. Bruk gjerne eit skjema som dette i registreringsarbeidet: Eksempel på sjangertrekk.
Del det de har funne ut, med resten av klassen på skulen sitt LMS eller i klassen sin blogg.
Oppgåve 2: Diskusjonsoppgåve
Diskuter i klassen om det går an å seie at det finst gute- og jentesjangrar. Argumenter for kvifor eller kvifor ikkje.
Tips til diskusjonen
Når de argumenterer for standpunkt:
- Vis til konkrete medieuttrykk innan journalistikk, reklame, informasjon og underhaldning.
- Vis til sjangertrekk ved innhald, formgiving, føremål og medieuttrykket sin relasjon til verkelegheita.
Oppgåve 3: Eigenvurdering
Gå igjen saman i grupper på tre. Still følgjande spørsmål til kvarandre etter tur (og vent på svar):
- Veit du no kva omgrepa sjanger, sjangertrekk og format tyder, eller er det noko du har behov for å få forklart nøyare av dei andre i gruppa?
- Trur du at du no kan nytte det du har lært om sjangrar og format når du skal vurdere andre sine medieuttrykk?
- Trur du at du no kan nytte det du har lært om sjangrar og format når du skal lage eigne medieuttrykk?