Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Retorikk i media og i medieuttrykk

Dersom du vil overtyde og påverke andre, må du spele både på fornuft (logos), på kjensler (patos) og på truverd (etos) når du lagar medieuttrykk.

Retorikk er "kunsten å overtyde". Det er eit eige fagfelt som oppstod i antikken for over to tusen år sidan. Då handla retorikk først og fremst om korleis du laga overtydande talar. Retorikkunnskapar er framleis heilt nødvendige for å forstå kva som utgjer god kommunikasjon, forklarer professor Kristin Skare Orgeret i videoen over.

Appellformene i retorikken og medieuttrykk

I retorikken har vi, som du kanskje veit, tre appellformer. Dette er tre ulike måtar å overtyde på. Desse appellformene blir kalla etos (truverd og tillit), logos (fornuft og logikk) og patos (kjensler).

Etos

Politikar Erna Solberg og ein gut tek ein selfie. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etos handlar om å verke truverdig og vekkje tillit. I nyheitene blir intervjuobjektet presentert med ein tekstplakat der det står namn og tittel. Dette gjer personen meir truverdig, og vi trur lettare på det som blir sagt.

Når politikar Erna Solberg tek selfiar med andre som blir publiserte i sosiale medium, forsterkar ho inntrykket av at ho er imøtekomande og folkeleg. Ho bruker altså eit medieuttrykk retorisk for å styrkje posisjonen sin.

Logos

Logos handlar om å gi fornuftig og logisk argumentasjon. Ein influensar som vil påverke oss til å kjøpe sunnare matvarer, kan satse på saklege argument i kommunikasjonen sin. Det gjorde treningsbloggar Jørgine Massa Vasstrand, mest kjend under namnet Funkygine, då ho lanserte "Funkygine Fiberbrød" i 2020.

På salsplakatane vart brødet skildra som "naturleg rikt på kostfiber, med eit høgt innhald av protein". Trur vi på det som blir lovt, og verkar det logisk? Då har vi vorte påverka gjennom den retoriske appellforma logos.

Fotografi av Funkygine Jørgine Massa Vasstrand ved sida av ei eske med brød og plakatar som reklamerer for det nye fiberbrødet hennar. Det er bilete av Funkygine både på plakatane og på emballasjen på brødet. Til høgre for fotografiet ser ein utklipp frå Funkygine sin instagramkonto og ein tekst der ho reklamerer for brødet. Skjermutklipp.

Patos

Når verkemiddel i medieuttrykk blir brukte for å vekkje kjensler i oss, blir det retoriske grepet patos brukt. Glad musikk i ein reklamefilm kan til dømes bidra til å skape positive kjensler for eit produkt eller eit selskap.

Stopp og tenk

Sjå reklamefilmen frå Skatteetaten.

  • Kva kjensler vekkjer musikken? Kva trur du skaparane av filmen vil oppnå?
  • Har du tillit til Skatteetaten slik at du trur på bodskapen? Kvifor/kvifor ikkje?

Studer anslaget med eit retorisk blikk

Korleis blir bilete, lydar, fargar og sitat brukte for å forsterke bodskapen til forteljarstemma? Kva for nokre retoriske verkemiddel blir brukte for å overtyde deg om at Hillary Clinton er ein betre presidentkandidat enn Donald Trump? Studer særleg val av bilete og musikk.

Sjå anslaget (00:00-07:04) til dokumentarfilmen Fahrenheit 11/9 av Michael Moore frå 2018.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020