Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Leos metode

Leo Ajkic er ein kjend programleiar frå NRK P3, men òg frå TV-seriar som Flukt og Leo tar valget. Kva er det som driv han, og korleis ser han på seg sjølv som førebilete for unge?

Lytt til samtalen

Sjå innslaget med programleiar Leo Ajkic på NRK Skole. Her møter du han i ein samtale med programleiar Jan Erlend Leine under lærarseminaret ''Vår tids folkeforførere'', arrangert våren 2017 av Nationaltheatret og NRK Skole.

Leo Ajkic flykta frå borgarkrigen i Jugoslavia då han var sju år gammal. Han og familien var fire år på flukt før dei enda i Noreg. I dag er Ajkic ein populær programleiar på TV. Han fekk mellom anna rosande omtale for serien Flukt, der han gir eit innblikk i kvardagen til dagens flyktningar.

Samandrag av samtalen

Leo Ajkic er programskapar i NRK. Han kommenterer først eit klipp frå fjernsynsdokumentaren Flukt, der han møter ulike menneske på flukt frå krig og fattigdom. Han når mange sjåarar med dette programmet, først og fremst fordi programmet vart sendt på NRK1. Då er TV-linsa større.

Ajkic er oppteken av å tilpasse bodskapen til målgruppa, anten målgruppa er yngre eller eldre. I dette tilfellet visste han at mor hans så på.

Han ønskjer å lage program som engasjerer folk, og som kan bidra til samfunnsdebatten på ein konstruktiv måte. Stort sett les han ikkje negative kommentarar i kommentarfelta. Her er det mykje "bullshit", seier han. Han får stort sett berre positive tilbakemeldingar frå folk ansikt til ansikt. Han er òg ein sårbar person som kjenner på følelsar, men det er ikkje plass til eigne kjensler i alle TV-prosjekt.

Ajkic er bevisst programleiarrolla, men presiserer at han ikkje speler ei rolle. Han er seg sjølv, men tilpassar rolla ut frå kva målgruppe han vender seg til. Som journalist i NRK P3 hadde han ein dryg profil. Etter kvart opplevde han at fleire unge syntest han var kul og morosam fordi dei trudde han godkjende negativ åtferd. Ajkic tok tak i desse tilbakemeldingane og endra profil fordi han heller vil bli sett på som ein journalist som kjem nær på unge og kvardagsproblema deira. I dag har han fått eit større publikum og, som følgje av det, eit endå større ansvar.

Han hadde ingen norske førebilete som barn. Dei førebileta han hadde, var folk frå den same etniske gruppa som spelte basketball i USA. Dei var dei einaste han som bosnisk flyktningbarn kunne identifisere seg med.

Han har fått tilbod om å bli programleiar for reality-show, men han vil heller lage program som betyr noko. Programleiar Thomas Seltzer og programmet Trygdekontoret var ein av grunnane til at han valde å jobbe for NRK. Målet hans var å lage program om dei som fell utanfor, dei utstøytte, fordi han sjølv har kjent seg som utstøytt i det norske samfunnet. Han føler at han ikkje høyrer heime i noka gruppe, med ein far som er muslim og ei mor som er katolikk.

Som ung tenkte han at han ville bli kjendis og rik, men målet hans no er å ha ein karriere som programskapar, og han vil ha fleire bein å stå på. Han har valt alvorlege prosjekt fordi han kan stå for det han gjer.

Som mediebedrift er NRK bevisste det ansvaret dei har som allmennkringkastar, og dei er åleine om å lage seriøse program for barn og ungdommar. Jobben i NRK oppfattar han å vere folkeopplysar. Han vil ikkje lage program med kjendisar berre fordi dei er kjende, men berre dersom dei har erfaringar som kan kaste lys over interessante problemstillingar.

Ajkic er oppteken av å lage program om det som faktisk opptek folk, utan å moralisere. Det er viktig å snakke til unge utan å bruke peikefingeren. Målet må vere å hjelpe folk til å akseptere seg sjølve slik dei er.


Spørsmål til innslaget

Noter stikkord mens du lyttar til samtalen, og finn svar på desse spørsmåla:

  • Kva er det som driv Leo Ajkic i arbeidet som journalist og programleiar?

  • Kva tenkjer han om seg sjølv som rollemodell og førebilete?

  • Kva førebilete hadde Ajkic då han vaks opp?

  • Kvifor er han oppteken av dei som fell utanfor samfunnet?

  • Kva tenkjer han om si eiga rolle og det samfunnsoppdraget journalistar i NRK har?

Skriv eit essay

Skriv eit kort essay om journalistar og programleiarar med minoritetsbakgrunn som førebilete og rollemodellar. Utgangspunktet for essayet er stikkorda du har notert, men ta òg med døme på journalistar med minoritetsbakgrunn som jobbar i andre mediekanalar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2021

Læringsressursar

Medium, arbeidsliv og integrering