Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Utforsk eigen mediebruk og eigne medievanar

Fagartikkel

Medievanar og mediebruk blant unge

Eit nettbrett i fanget, ein smarttelefon i handa og Netflix på tv-en – det er typisk for norske ungdommar i dag. Men dei unge er òg den gruppa som raskast endrar medievanane sine. Medievanane deira gir derfor ein peikepinn om korleis mediebruken vil bli i framtida.
Her møter vi Sara og Sander og får eit innblikk i mediekvardagen til dei to ungdommane. Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Ein teknologisk revolusjon

Menneska har alltid hatt behov for å dele tankar og kjensler med kvarandre, men forma og formidlingskanalane har endra seg over tid.

Frå 1880-åra og fram til i dag har det skjedd ei enorm teknologisk utvikling. Før den tida var det stort sett berre bøker, aviser og tidsskrift som sørgde for informasjon og underhaldning. Men då det vart mogleg å lage fotografi og film, fekk visuelle medium etter kvart ei dominerande rolle.

På 2000-talet lever vi i ein digital tidsalder der rollene som avsendarar og mottakarar, eller produsentar og konsumentar, går om kvarandre, og der sosiale medium er ein viktig del av måten vi omgåst andre på.

Mediekvardagen

Måten Vilde og Sander bruker medium på, er nok typisk for den ungdomsgruppa du høyrer til. Men det er òg viktig å hugse på at norske ungdommar ikkje er representative for resten av verda.

Noreg er eit av dei landa i verda der innbyggarane har størst tilgang til teknologi. Tilgangen til teknologi formar mediekvardagen vår. Unge menneske er blant dei første til å ta denne digitale teknologien i bruk. Så å seie alle unge i Noreg har tilgang til internett og smarttelefon (96 prosent).

Stor endring i mediebruk

Mediekvardagen til personar som høyrer til ulike aldersgrupper, er ikkje lik. I dei siste åra har mediebruken til unge endra seg mykje. Nye medium har komme til, media blir nytta i nye sosiale samanhengar, og tida de bruker på dei ulike media, har auka. For unge har mobiltelefonen ein spesielt stor plass i kvardagen.

Bruk av mobil blant unge har auka mykje dei siste åra. Spesielt er det ei stor auke i bruk av mobiltelefonen til sosiale medium. Og mobiltelefonen blir brukt på stadig fleire måtar, som spelplattform, kamera, informasjonskjelde og musikkspelar.

Tenk over

  • Kva medium nytta du for tre år sidan?
  • Kva medium nyttar du i dag?

Medievanane til ungdommen

Medievanane våre er i endring heile tida, men det er dei unge som raskast endrar medievanane sine. Medievanane til dei unge gir derfor ein peikepinn om utviklinga av mediebruken.

I dag bruker ungdom mykje tid på sosiale medium. Undersøkinga Barn og medier i 2023, gjennomført av Medietilsynet, viser følgande:

  • 90 prosent av alle 9–18-åringane er på eitt eller fleire sosiale medium.
  • Nesten alle barna og unge i alderen 9–18 år bruker YouTube (91 prosent).
  • Deretter følger Snapchat (80 prosent), TikTok (65 prosent) og Instagram (64 prosent).
  • Omtrent halvparten av alle 9–18-åringar bruker Facebook.

Tenk over

  • Kva for nokre sosiale medium bruker du?
  • Kor mange timar bruker du på sosiale medium kvar dag?
  • Korleis er din mediekvardag annleis enn mediekvardagen til foreldra dine, då dei var på din alder?

Tidsbruk og kjønn

Tidsbruken varierer ein del mellom kjønna. Gutar bruker meir tid til spel enn jenter. Jentene bruker meir tid på sosiale medium, mobiltelefonen og å treffe venner. Sosiale medium blir nytta som ei forlenging av det å vere saman med venner og dele opplevingar med dei. Dei mest populære sosiale media er Facebook, Snapchat og Instagram.

Gutane nyttar meir dataspel enn jentene, og mens bruken blir mindre blant jentene jo eldre dei blir, så bruker gutane meir tid på dataspel jo eldre dei blir. Mens gutane spelte mest på pc og spelkonsollar, så spelte jentene mest på mobil og nettbrett.

Hovudmønsteret er at dei unge sin tidsbruk i større grad enn før går føre seg heime, framfor skjermen, enn fysisk saman med venner. Men det vil ikkje nødvendigvis seie at ungdom har svake sosiale relasjonar eller isolerer seg.

Kjelde

Medietilsynet. (u.ål). Barn og medier. Henta 10. jan 2023 frå https://www.medietilsynet.no/fakta/rapporter/barn-og-medier/

CC BY-SA 4.0Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2023