Hopp til innhald

Fagstoff

Fleirmedial historieforteljande journalistikk

Skjermflater opnar opp for mange spennande samansette uttrykk i digitale forteljingar. Men sjølv om det går an å lage mykje stilig og fancy, er det viktigaste at det ligg ei god historie i botn.
Ein stilisert skjerm med fire ruter. I kvar rute er det avbilda ein person: I øvre venstre rute ein mann som peiker på ulike teikn og symbol. I øvre høgre rute ei kvinne med papirark og notat. I nedre venstre rute ein mann med ei snakkeboble, og i nedre høgre rute ein mann som ser for seg ei lita blå kjegle og som bruker hendene til å vurdere kor stor kjegla er. Framfor skjermen eit tastatur og ein kaffikopp. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digital journalistikk

Journalistiske arbeidsmetodar må liggje i botn når du utviklar, produserer og publiserer multimedial journalistikk. Du må vere like nøye med presseetikk, kjeldebruk og åndsverkslova som i andre journalistiske produksjonar.

Ei digital journalistisk historie blir formidla gjennom skjerm og er sett saman av mange medietypar, som tekst, foto, illustrasjonar, video og interaktivitetar. Digitale historier kan avvike frå resten av oppsettet til nettavisa – dei kan til dømes presenterast som ei journalistisk skrollhistorie og fylle heile skjermen. Skjermmediet gjer det dessutan mogleg å lenkje mellom ulike nettsider og nettressursar ved hjelp av hyperkoplingar og embedding (innbygging).

Utgangspunktet for arbeidet er likevel journalistisk: Kva er saka? Kva forhold skal du avdekkje? Og korleis skal du formidle ei god, fengjande historie til eit publikum?

Tenk over

Ifølgje Mario García, ein journalist som har spesialisert seg på digital historieforteljing, har du mellom fire og seks sekund for å huke tak i lesaren.

Er du einig i at det stemmer?

Den gode historia

Den gode historia må liggje i botn også i historieforteljing på digitale flater. Forteljinga kan vere underhaldande og humoristisk, eller ho kan vere kjenslefylt, men uansett er det viktig at publikum kan kjenne seg igjen og bli rørt. I tillegg skal opplevingane fungere saman med saklegheit og faktaformidling. Journalistiske skrollhistorier er ofte eit resultat av gravesaker som går i djupna.

Anslaget

Det er viktig å leggje ned krefter i anslaget. Bruk dei få sekunda du har i starten til å gjere lesaren nysgjerrig og lese vidare.

Døme 1: Anslag med glimt frå fest og korte tekstar

NRK: På innsiden av festen til 18-åringene

Forteljinga startar med mange bilete av ungdommar som er på fest. Ho inneheld òg nokre korte videoklipp, ein del skriftlege sitat frå ungdom og noko kortfatta informasjon om unge og rus. Sitata frå ungdommane er stilte opp saman med illustrasjonar i neonskilt-stil på svart bakgrunn. Uttrykket er ungdommeleg og fragmentarisk.

Blir du nysgjerrig? Passar uttryket til å skildre ungdom og fest?

Finn ein karakter og vekk kjensler

Kan du finne ein karakter som kan bere historia og som publikum kan identifisere seg med? Det engasjerer langt meir å lese om ekte personar, til dømes om Espen på 19 som står ved eit viktig vegval, enn berre å få presentert fakta om eit emne.

Du kan vekkje kjensler for personen ved hjelp av tekst, bilete, video eller grafikk. Skap eit utgangspunkt som gjer lesaren nysgjerrig, og peik gjerne på nokre utfordringar hovudpersonen opplever, eller på spørsmål lesaren vil få svar på, om hen klikkar seg vidare inn eller skrollar ned i forteljinga.

Døme 2: Spenning i anslag, og kjensler i grafisk design


Bergens Tidende: Fem fot under

Du byrjar å skrolle. Først ser du mykje blå himmel og nokre stiliserte skyer, så kjem ein kvit fjelltopp til syne, og etter kvart eit vinterleg fjellandskap. Du ser snø som kvervlar nedover fjellsidene, og ein mørk skikkelse med ein skistav i framgrunnen. Den mørke skikkelsen forsvinn bak ein fjellkant når du skrollar. No er bakgrunnen heilt svart, og ei tekstlinje dukkar opp: "Adina Lange ligger begravd under snøen." Vidare ser du omrisset av ein skikkelse og to korte, spennande setningar: "Fingrene er det eneste hun kan bevege." og "Hun skriker."

Blir du nysgjerrig på framhaldet?

Sørg for ein tydeleg struktur

Ein nettbrukar framfor pc. Frå pc-en går det ei rekkje strekar med kulepunkt på, som skal symbolisere ein struktur. Illustrasjon.

Frå bøker, lydprogram og filmar er vi vande med ei fast, lineær oppbygging med innleiing, hovuddel og avslutning. Ei multimedial historieforteljing er ikkje lineær på same måten, ho gir publikum fleire val, og leseopplevinga vil gjerne variere frå person til person. Konkurransen om merksemda er dessutan stor på digitale flater, og lesaren kan trykkje seg ut til notifikasjonar, andre appar og faner.

Når du lagar ei flermedial historie, må du skape ein struktur og ei inndeling det er lett å komme tilbake til. Det gjer du ved å bryte opp teksten med mellomtitlar, bruke visuelle element undervegs og skape ein navigasjon som lesaren opplever som oversiktleg og brukarvennleg.

Døme 3: Strukturering av ei lang forteljing


Bergens Tidende: Fem fot under

Dette er ei lang forteljing med mange element. Ho er delt opp i fleire delar, som alle er nummererte og har fått kvar sin tittel (del 1: "Savnet", del 2: "Søket", del 3: "Redningen", del 4: "Gaven").

Internt i kvar del er det tekst, bilete, interaktive kart, sitat og grafiske element som skaper brot og variasjon.

Korleis opplever du oppsettet og struktureringa? Opplever du stilen som heilskapleg?

Fleirmediale og interaktive element

I tillegg til å sørgje for god struktur må du handtere og organisere mange ulike medietypar. Medietypane skal utgjere ein heilskap og passe til temaet og uttrykket du vil skape.

  • Ver bevisst på korleis du prioriterer og kombinerer tekst, lyd, video, foto, animasjon, lenkjer og grafisk design.

  • Legg gjerne til interaktive element, til dømes ein test, ei meiningsmåling, eit kommentarfelt eller andre element der lesaren kan medverke.

  • Gi lesaren høve til å velje om hen vil lese meir om delar av saka, til dømes gjennom ekspanderande felt og klikkbare lenkjer. Eller la lesaren sjølv velje rekkjefølgja delane av historia skal undersøkjast og lesast i.

  • Set saman ulike medietypar og lag delhistorier tilpassa ulike plattformer. Slik kan du nå fleire brukarar og skape ei interessant og samansett medieoppleving.

Døme 4: Mange medietypar, og tilpassa mobil

VG: Tindersvindleren

"Tindersvindleren" er sett saman av mange bilete, skjermbilete, videoklipp, lydklipp og korte tekstar og sitat. Nokre av bileta har korte titlar i svart-kvitt. Enkelte ord er utheva og forstørra. Alle bileta har eit ståande format tilpassa mobilen, og å lese forteljinga kjennest som å skrolle i sosiale medium. På skjerm på datamaskina fungerer forteljinga òg, her ligg bileta til venstre og korte tekstar og lydklipp til høgre. Bakgrunnen er svart, og tekstane er kvite.

Samanlikn "Tindersvindleren" på pc og mobil. Korleis synest du leseopplevinga er på dei ulike plattformene, og kva tenkjer du om verkemidla som er brukte?

Kjelder

Handgaard, B. (2020). Historiefortelling på digitale plattformer (3. utg). Cappelen Damm Akademisk.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2021

Læringsressursar

Rettleiing i multimedial produksjon