Hopp til innhald

Fagstoff

Forskingslogg

Ein logg kan hjelpe deg å halde oversikta over forskingsprosjektet. Forskingsloggen er ei form for dagbok. Der kan du løpande beskrive gjennomføringa av prosjektet og reflektere over dei ulike vala du tek.
Ei jente som ser tankefull ut og arbeidar med pc og bøker foran seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit forskingsprosjekt er alltid ei reise inn i eit nytt og ukjent landskap. Du veit ikkje på førehand kva du vil finne. For å behalde oversikta og hjelpe deg å navigere kan du starte med å skrive ein logg. Der kan du skrive ned kva tankar og spørsmål du har undervegs i prosjektet.

Du vil òg få god bruk for forskingsloggen i siste del av forskingsprosjektet. Viss du har beskrive kva du har gjort og notert ned refleksjonar undervegs, kan du byggje vidare på dei når du til slutt skal analysere, diskutere og presentere forskingsmaterialet ditt.

Ein forskingslogg vil òg gjere det lettare for læraren din å følgje med på arbeidet ditt og gi deg nyttige og relevante innspel undervegs i prosessen. Eit forskingsprosjekt krev ofte mykje tid og innsats. Det kan vere lett å komme skeivt ut og gode tips og rettleiing kan spare deg for mykje ekstra arbeid undervegs.

Tips: Bruk ei digital notatblokk til forskingsloggen. Ho kan du dele med læraren og medelevar og få gode innspel undervegs.

Kva er ein forskingslogg?

Ein forskingslogg er ein stad du kan gjere notat undervegs i forskingsprosjektet. I loggen kan du dokumentere kva du har gjort og kva du planlegg vidare.

Forskingsloggen er først og fremst noko du skriv for deg sjølv. Det skal vere ein stad der ein kan prøve ut nye tankar og idear, og ein stad det skal vere lov å gjere feil. Du kan utforme forskingsloggen på fleire ulike måtar, men du bør ha ein klar struktur og datere innlegga dine. Då kan du lett finne tilbake til det du har skrive.

Ein gutt skriv på datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Loggføring undervegs i forskingsprosjektet

Ein forskingslogg blir ofte skriven kronologisk. Det betyr at du startar å skrive loggen samtidig som du startar med forskingsprosjektet. Etter kvart som du går gjennom dei ulike stega i forskingsprosjektet, noterer du ned det du har gjort og det du tenkjer å gjere.

Skriv eit notat i loggen for kvart steg i forskingsprosjektet

Skriv eit notat når du:

  • formulerer ei problemstilling
  • vel forskingsmetode
  • vel forskingsutval
  • samlar inn forskingsdata
  • analyserer og drøftar data

Kva skal forskingsloggen innehalde?

Det er først og fremst problemstillinga og forskingsopplegget du vel som bestemmer innhaldet i forskingsloggen. Det er likevel nokre generelle spørsmål det kan vere lurt å ha i bakhovudet når du loggfører dei ulike stega i forskingsprosjektet.

  • Kva konkret har eg gjort?
  • Kva konkret tenkjer eg å gjere vidare?
  • Kva for nokre alternative løysingar kunne eg valt?
  • Kvifor passar løysinga eg har valt til prosjektet mitt og problemstillinga mi?
  • Kva feilkjelder må eg vere klar over, og korleis kan dei påverke resultatet av forskingsprosjektet?
  • Kva forskingsetiske utfordringar må eg vere klar over, og korleis løyser eg dei?

Tips: Del gjerne loggen din med andre og gi kvarandre råd og innspel undervegs.

Kjelder

Dysthe, O., Hertzberg, F. & Hoel, T.L. (2000) Skrive for å lære. Skriving i høyere utdanning. Oslo: Abstrakt forlag


CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2020

Læringsressursar

Rettleiing i skrivearbeid