Hopp til innhald

Medie- og informasjonskunnskap 1

Rettleiingar i medieproduksjon

I faget medie- og informasjonskunnskap skal du skape eigne medieproduksjonar og utforske moglegheitene som ligg i dei ulike sjangrane. Målet er å få ei djupare forståing av mediefaglege problemstillingar. I dette emnet har vi samla rettleiingsressursar som kan vere til god hjelp for deg.

Rettleiing i videoproduksjon

Å jobbe med levande bilete er ein samansett arbeidsprosess. Videoproduksjon handlar om alt frå konkretisering av idéen, utteikning og filming til redigering og klipping. Her får du tips til ulike delar av produksjonsprosessen og til korleis du kan bruke mobilen din som filmkamera.

Læringsressursar

Rettleiing i videoproduksjon