Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Modernitet og medieutvikling

Det er vanleg å omtale den vitskaplege, samfunnsmessige og kulturelle utviklinga i vestlege land dei siste tre–fire hundre åra som det moderne prosjektet. Fridom, fornuft og framsteg er dei sentrale ideane som har prega denne utviklinga.

Oppgåve 1

Sjå undervisningsfilmen om modernitet.

  1. Kva meiner vi med omgrepet «modernitet»?
  2. Kva for bilete på det moderne blir trekt fram her?
  3. Når starta denne moderniseringsprosessen?
  4. Kva ligg i dette nye framskrittssynet?
  5. Kva ligg i det nye fridomssynet?
  6. Kva for verdsbilete er det som no trer fram?
  7. Kva ligg i dette nye menneskesynet?

Oppgåve 2

  1. Beskriv dei grunnleggjande ideane du meiner pregar måten vi tenkjer på i Noreg i dag.
  2. Beskriv dei viktigaste teknologiske nyvinningane etter år 2000.
  3. Lag eit manus til ein kort undervisningsfilm eller ein podkast med tittelen «Medieutvikling og innovasjon i vår tid».
CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021

Læringsressursar

Medieutvikling og innovasjon