Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Norsk avishistorie

Øving

Presse og samfunnsutvikling

Lytt til videoføredraget til professor Martin Eide ved Universitetet i Bergen. Noter ned viktige stikkord, og bruk det du lærer, til å reflektere over den makta norske aviser har i dag.
Video: Trude Løvskar, Martin Eide / CC BY-SA 4.0

Føredraget er bygd på eit essay som du også kan lese her: Tidspuls og pressemakt

Oppgåve 1

  1. Kva for eksempel kjem Martin Eide med for å beskrive den samfunnsmakta avisene har?
  2. Kva rolle spelte avisene i nasjonsbygginga etter 1905 og i gjenreisinga etter 1945?
  3. Det blir ofte sagt at pressa er «den fjerde samfunnsmakta». Kvifor blir pressa omtalt slik?
    Kva for nokre er dei tre andre samfunnsmaktene?
  4. Korleis har pressa sjølv formulert samfunnsoppdraget sitt i Ver Varsam-plakaten?

Oppgåve 2

  1. Eide seier: «I avisa blir samtidshistoria skriven kvar dag.» Studer forsida til seks norske aviser i 1905. Kva er avisene opptekne av det året?
  2. Ta for deg dagens papiraviser og gje ei kort oversikt over dagen i dag basert på dei historiene avisene vidareformidlar.

Relatert innhald

Fagstoff
Pressa si rolle i norsk historie

Eit essay om avisa si rolle i det norske samfunnet. Martin Eide er professor ved institutt for informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen.

CC BY-SA 4.0Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2018