Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Media si historie

Fagartikkel

Trykkjekunsten endra verda

Trykkjekunsten gjorde det mogleg å ta vare på og spreie kunnskap og idear over tid og rom. Også vanlege menneske fekk tilgang på bøker. Det fekk dramatiske føljger for det europeiske mellomaldersamfunnet.

Ei oppfinning som endra verda

Du har kanskje høyrt at det var Johann Gutenberg som fann opp trykkjekunsten. Det er ikkje heilt korrekt.

Ideen stammar, som så mykje anna, frå Kina. Det var der dei først fann på å skjere ut spegelvende teikn på små blokker, setje dei saman til linjer og sider, smørje dei inn med farge og presse dei mot papir. Eit av problema var at blokkene deira var laga av tre og veldig fort blei slitne ned.

Gutenberg var gullsmed og greidde etter mykje prøving og feiling å utvikle ein teknikk som gjorde det mogleg å støype bokstavane i metall. Dermed kunne han trykkje mange fleire eksemplar av dei sidene han hadde sett saman. Etterpå kunne han plukke bokstavane frå kvarandre og bruke dei om att til nye sider.

Det skulle mange forskjellige fagfolk til for å trykkje ei bok: skriftstøyparar, setjarar, trykkjarar og bokbindarar. Gutenberg samla dei alle saman i ein verkstad. Han etablerte dermed ei bedrift for masseproduksjon av trykksaker, i ei form som har eksistert heilt til våre dagar.

I 1456 kunne Gutenberg lansere si aller første trykte bok, naturleg nok ein bibel, truleg i eit heller lite opplag på 120 eksemplar. Boka var nesten heilt lik ei handskriven utgåve. Bokstavane var gotiske akkurat som dei bokstavane munkane i klostera skreiv med, sidene hadde same spaltebreidd og linjetal, og initialane var dekorerte. Men prisen var dramatisk mykje lågare.

I løpet av nokre få tiår spreidde trykkjeria seg til heile Europa. Ein reknar med at heile 4 millionar bøker var trykte innan år 1500, og enda 18 millionar tretti år seinare. Blant bestseljarane var Bibelen, rapportar frå reisene til Christofer Columbus, medisinske og vitskaplege verk, og klassikarar frå Hellas og Roma.

Trykkjekunsten gjorde det mogleg å ta vare på og spreie kunnskap og idear over tid og rom. Einskildmenneske kunne lese Bibelen sjølve og gjere seg opp ei meining om det prestane lærte. Det fekk dramatiske følgjer for mellomaldersamfunnet. Europa blei styrta ut i to hundre år med kaos. Då bølgjene la seg, var det ikkje lenger den katolske kyrkja, men dei nye nasjonalstatane som organiserte Europa.

Mange meiner at Gutenberg er den personen som i størst grad har påverka moderne historie.

Ein industri tek form

Omkring år 1500 blei ca. 25 prosent av alle bøker trykte i den italienske byen Venezia. Berre femti år etter Gutenberg-bibelen hadde bokbransjen her funne ei form som har fungert heilt til i dag.

Aldus Manutius starta opp eit boktrykkjarfirma i Venezia i 1490-åra. Her samla han alle dei funksjonane som utgjer eit moderne forlagshus. Han hadde skriftstøyparar, setjarar, trykkjarar og bokbindarar. Han tilsette også fagekspertar og korrekturlesarar, og knytte til seg profesjonelle forfattarar.

Og han sørgde for marknadsføring. Aldus sende regelmessig ut katalogar over bøkene sine med rettleiande prisar akkurat som forlaga gjer i dag. Det er grunnen til at vi veit så mykje om den store produksjonen hans.

Mange av manuskripta han tok imot, var handskrifter av dei gamle greske klassikarane. Men det blei også skrive nye bøker. Dei store opplaga som kunne trykkjast, gjorde det mogleg for lærde å leve av forfattarverksemda utan å vere tilsette ved universitet eller i kyrkje eller stat. Ein av dei mest kjende er Erasmus av Rotterdam.

På denne tida var det framleis vanleg at bøkene var store i format. Førebiletet var dei handskrivne verka i klostera, som låg på eigne lesepultar når dei blei studerte. Manutius laga bøker som var så små at ein kunne ta dei med i lomma og lese dei på reiser, akkurat som pocketbøkene vi har i dag.

I Nord-Europa blei bøkene trykte med gotisk skrift, som eigentleg berre var ein trykt variant av handskrifta til munkane. Det var i Venezia at antikvaskrifta oppstod. Det er den vanlegaste skrifta i dagens bøker. Manutius fekk også utvikla kursivskrifta, som vi no bruker til å framheve tekst. Manutius brukte henne fordi ho er smalare og tettare enn annan tekst. Med fleire ord på kvar side blei kostnadene lågare og bøkene billigare.

Fleire skrifttypar som blir brukte i dag, byggjer på skrifter som blei designa i verkstaden til Manutius. Ei av dei har fått namnet Aldus.

Aldus heitte også selskapet som laga PageMaker. PageMaker er eit program som blei levert med Macintosh då han blei lansert i 1984, og seinare også med PC. Saman med laserskrivaren introduserte dei det vi kallar desktop publishing. Firmaet Aldus blei seinare slått saman med Adobe, som blant anna produserer sideombrekkingsprogrammet InDesign.

Denne filmen frå Grafisk museum viser korleis boktrykking gjekk føre seg i Noreg på 1800-talet:

Tekstsamandrag av video frå NRK skole

Dette klippet viser trykking av ei novelle av den norske forfattaren Alexander Kielland (1849-1906). I filmen ser vi korleis boktrykking gjekk føre seg i Noreg på 1800-talet. Bokstavar forma i bly blir sett saman til ord og setningar i gamle trykkerimaskiner på Grafisk museum. Satsen blir påført trykksverte, og teksten trykt på papir. Metallklisjear blir brukte til å trykke bilete. Dei trykte sidene blir til slutt innbundne i ei lita bok.

Trykksverte og blod

31. oktober 1517 spikra den tyske munken og presten Martin Luther sine 95 tesar opp på kyrkjedøra i Wittenberg. Dette var ein heilt vanleg måte å innby til fagleg drøfting av eit problem på. Fleire prestar hadde prøvd å reformere kyrkja før utan nokon varig verknad. Men denne gongen skjedde det noko uventa.

No blei tesane trykte opp.

Før ein månad var gått, var dei spreidde over store delar av Europa og sette i gang ein debatt som skulle bli umogleg å stanse. Etterspurnaden var så stor at folkemengder samla seg rundt trykkjeria og reiv til seg kopiar før trykksverta hadde rukke å tørke. Ein reknar med at det blei trykt 300 000 eksemplar på få år. Dette var første gongen eit lesande publikum sjølve kunne ta stilling til revolusjonære idear gjennom eit massemedium.

Luther skjønte fort rekkjevidda av det nye mediet og brukte det for alt det var verdt. Han omsette Det nye testamentet til tysk så folk sjølve kunne lese kva som stod der. Han gav også ut ei rekkje bøker der han gjorde greie for læra si.

Då det etter kvart gjekk opp for kyrkja kva som var i ferd med å skje, sette ho i gang ein motreformasjon. Det blei eit blodig hundreår i Europa. Tusenvis blei avretta berre for å eige feil versjon av Bibelen. Dei som braut med pavekyrkja, hadde ikkje alltid det same synet og tok harde middel i bruk også mot kvarandre. «Pilegrimane» som emigrerte frå England til den nye verda, var forfølgde av den engelske kyrkja, som sjølv hadde brote med den katolske.

Først midt på 1600-talet døydde religionskrigane ut. Freden i Westfalen i 1648 bestemde at det skulle vere opp til kvar einskild konge å avgjere kva religion folket hans skulle ha. Ein meiner at krigane kan ha redusert folkesetnaden i det tyske riket med mellom 25 og 40 prosent.

Å forandre korleis folk tenkjer

I 1751 kom første band av Encyklopedien ut i Paris. Då det var ferdig, bestod verket av heile 71 818 artiklar og 3 129 illustrasjonar samla i 28 band. Det hadde som føremål å presentere all menneskeleg kunnskap og med det bryte ned det forfattarane såg på som gammal overtru.

Trykkjekunsten hadde gitt heile Europa del i Martin Luther sine tankar og redusert autoriteten den katolske kyrkja hadde som forvaltar av sanninga om korleis menneske kan bli frelste. Encyklopedien og andre bøker spreidde no opplysningstidas idear ut over både Europa og koloniane i Den nye verda, og stilte spørsmål ved ikkje berre pavens, men sjølve Bibelens autoritet i filosofiske og vitskaplege spørsmål.

Det var ikkje lenger berre overklassen som fekk del i dei nye ideane. Ein trur at talet på menneske som kunne lese, dobla seg i Frankrike gjennom 1700-talet.

Enkelte forskarar meiner også at det skjedde ein revolusjon i lesinga på denne tida. Mens folk tidlegare hadde nokre få bøker som dei las mange gonger og gjerne høgt saman med andre, blei det frå midten av 1700-talet vanleg at ein ønskte å lese så mange bøker som mogleg, og gjerne åleine.

Vanlege menneske kunne låne bøker i både offentlege og private bibliotek, og det fanst kafear som tilbaud førelesingar, diskusjonar og bokutlån. Det blei også publisert eigne seriar med billigbøker for folk flest.

Dei gamle autoritetane kjempa mot dei nye tankane ved å sensurere bøker og andre trykksaker. Sjølv Encyklopedien blei forboden av dei franske styresmaktene. Men arbeidet heldt fram i løynd. Utgivarane hadde mange høgtståande tilhengjarar, og dessutan skapte dei fleire hundre arbeidsplassar, så styresmaktene såg gjennom fingrane med det.

Kravet om trykkjefridom blei ein viktig del av opplysningstidas idéinnhald. Det blei nedfelt i dokumenta til både den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776 og den franske borgarrettserklæringa i 1789.

CC BY-SA 4.0Skrive av Øyvind Høie.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2018