Arbeidsoppdrag
Lag eit nyheitsinnslag til TV-nyheitene
Det har skjedd ei trafikkulykke, og de skal dekkje denne hendinga.
Finn ut kva som har skjedd, og lag ei vinkling på saka. Tida på ulykkestaden er berre 30–45 minutt, så det gjeld å bruke tida godt!
Til redigering av saka får de fire skuletimar. Hugs at nyheitssendinga startar nøyaktig ved deadline. Det har lita hensikt å levere reportasjen når nyheitssendinga er ferdig!
Krav til oppgåva
Alle krav til nyheitsformidling på TV gjeld for denne oppgåva. I tillegg blir det kravd:
- Det skal vere skriftleg headline i starten av sendinga.
- De må lage skriftleg forslag til intro som nyheitsankeret skal lese før saka blir send.
- Alle personar som er med i saka, skal ha korrekt super.
- Reportasjen skal innehalde intervju med minst to personar.
- Alle innslag skal filmast (intervju, innklippsbilete, osb.).
- Opptaka skal ha god lyd.
- Lengda på den ferdigredigerte reportasjen skal vere 1 minutt og 30 sekund.
Hugs å følgje god presseskikk, og lykke til!