Vurdering
Reflekter rundt fleirkameraproduksjonen gruppevis.
- Korleis har produksjonsprosessen fungert?
- Korleis jobba gruppa i preproduksjonsfasen og opptaksfasen?
- Korleis har samspelet i gruppa fungert?
- Har samarbeidet mellom dykk i gruppa fått konsekvensar for korleis den ferdige produksjonen framstår?
- Blir bodskapen formidla på ein tydeleg måte?
Diskuter klipperytme, biletutsnitt og lyssetjing.
Vurder også ein av dei andre fleirkameraproduksjonane i klassen.
Hugs å gi kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.