Epokar i filmhistoria
Nyare filmar hentar inspirasjon frå filmepokar i tidlegare tider. Filmen Sin City bruker mange verkemiddel frå film noir.
Dei ulike epokane i filmhistoria er ein del av uttrykkshistoria. Uttrykkshistorie er sentralt i mediefaget og eit samleomgrep som femnar fleire stilartar. Uttrykkshistoria handlar om korleis ulike disiplinar som er relevante for mediefaget, har utvikla seg i ein gitt tidsperiode. Dette kan for eksempel vere
- estetiske kjenneteikn ved arkitektur, skulptur og biletkunst
- epokar i kultur- og mediehistoria
- nye idear, oppfinningar og kommunikasjonsmoglegheiter
Sentrale filmhistoriske epokar
- Ekspresjonistisk film
- Klassisk film
- Montasjefilm
- Realistisk film
- Surrealistisk film
- Film noir
- Fransk nybølgjefilm
- Postmodernistisk film
- Dogmefilm
- Digital film
Samfunnet som kontekst for filmproduksjonen og tidlegare filmar er med på å forme dei filmane som til kvar tid blir laga. Stilen på filmane i ein bestemt tidsperiode blir påverka av
- forteljetekniske tradisjonar
- politikk, filosofi og ideologi i samtida
- teknologisk utvikling
Eit eksempel kan vere at ny teknologi fører til utvikling av nye forteljeteknikkar. Dette ser vi for eksempel i bruken av visuelle effektar og digitale karakterar i nyare filmar. Dette gjer at vi får sjå nye typar filmforteljingar der det som tidlegare kunne verke umogleg å fange på film, lèt seg realisere ved bruk av nye visuelle verkemiddel.
Overgangen frå ein epoke til ein annan kan også skje som ein reaksjon mot epokar som har vore tidlegare. Eit eksempel på dette kan vere den danske dogmefilmen på 90-talet som vaks fram hos ei gruppe danske regissørar som ønskte å skape ei motvekt mot kommersialisering og effektmakeri i film.
Har du kunnskap om dei mest sentrale stilepokane i filmhistoria, kan du lære deg å kjenne att stiltrekk frå tidlegare epokar i filmar som blir produserte i dag. Du kan også forstå korleis du kan bruke verkemiddel frå tidlegare filmepokar i eigne filmproduksjonar.