Oppgåve
Studer og presenter ein epoke frå stilhistoria
Stilhistoria beskriv hovudsakleg estetiske kjenneteikn spesielt ved arkitektur, skulptur og biletkunst i ein gitt tidsepoke og knyter gjerne desse til den ideologiske og teknologiske situasjonen i epoken.
Menneske har alltid sett spor etter seg visuelt. Det finst fleire tusen år gamle holemåleri og helleristingar med bilete av dyr og menneske, og av scenar frå jakt og fiske. I dag blir det spraya graffiti på murveggar og T-banevogner. Aktiviteten er på sett og vis den same, men det visuelle uttrykket er forskjellig.
Vel ein stilepoke, set deg grundig inn i han og presenter for klassen.
Lage ein presentasjon om ein stilepoke for klassen, slik at medelevane dine lærer meir om
- tidsperioden då denne stilepoken dominerte
- Kva prega verdssamfunnet på den tida?
- kva folk var opptekne av på den tida
- Var det mellomkrigstid og uro, eller kanskje hippietid og flower power?
- dei mest kjende kunstnarane innan stilepoken og kvar dei heldt til
- korleis uttrykka såg ut med tanke på
- fargar
- fontar
- bilete og illustrasjonar
- stil
Vis mange eksempel – peik og forklar!