Korleis treffe målgruppa?
Å treffe ei målgruppe handlar om å nå ut til menneske der dei er, fysisk eller virtuelt. Du ønskjer òg å treffe dei mentalt og kjenslemessig i den livsfasen og situasjonen dei er i.
Du må òg lykkast med å treffe dei på den staden eller den plattforma dei er på.
- Kva er føremålet med bodskapen? Skal han underhalde eller opplyse målgruppa di?
- Kva for nokre ord og kva for ein språkstil skal du bruke?
- Kva design og kva verkemiddel skal du velje? Vel du humor, autoritet, identifisering eller opplysning som grep for å nå gjennom?
- Korleis bruker du retoriske grep? Er det etos, altså truverd, som skal til for å treffe målgruppa? Eller skal du kanskje spele på patos, det vil seie kjensler? Eller er det kanskje logos, fornufta, som appellerer til målgruppa di? Kva skal du leggje mest vekt på?
- Kva er konflikten i forteljinga, og korleis skal ho utvikle seg?
Vala du tek når du fokuserer og utformar bodskapen din, er heilt avgjerande for om du treffer målgruppa di mentalt og følelsesmessig.
Du må dessutan skaffe deg oversikt over kvar målgruppa er – fysisk og virtuelt og til kva tider. Når og kvar skal bodskapen publiserast?
- I kva medium og i kva kanalar?
- På kva medieplattformer?
- Med kva for nokre digitale flater?
- Kva blad og aviser les dei?
- Kva for nokre sosiale medium bruker målgruppa?
- Er YouTube ein aktuell mediekanal for målgruppa, og kva slags innhald ser dei på der?
- Ser målgruppa utandørsreklame?
- Kvar og kor lenge bruker målgruppa medium på dei ulike måtane?
Svaret på desse spørsmåla vil hjelpe deg med å planleggje kvar og når bodskapen skal publiserast.
NRK er ein medieaktør som er programforplikta til å gi tilbod til små interessegrupper. Dei lagar til dømes program for filosofi- og jazzinteresserte, for dei som bur i utkantstrøk, for dei som er språkinteresserte, og for dei som snakkar samisk.
Fleire gonger har NRK likevel opplevd at program som var laga for ei mindre og smalare målgruppe, har blitt suksessar langt utover den tiltenkte sjåarmassen.
Refleksjonsoppgåve
Ta utgangspunkt i to ulike målgrupper, og diskuter korleis de vil marknadsføre ein sjølvvald TV-serie til desse to målgruppene.
Korleis tenkjer de å treffe dei to målgruppene når de utformar bodskapen, og kvar og når skal dei få greie på serien?