Oppdag traileren som uttrykksform
Ein trailer har eit kort format og blir òg kalla for promofilm. Trailerar blir laga for å selje medieinnhald og bruker bestemte verkemiddel og forteljeteknikkar for å fange merksemda di. I ein trailer skjer det veldig mykje på kort tid. Målet er å gjere deg interessert i historia som blir fortald.
I ein trailer blir det brukt lyd og visuelle verkemiddel for å gjere inntrykk på deg. Typiske verkemiddel i ein trailer er rask klipperytme og eit variert lydbilde. Lys, grafiske element og klipp frå ulike scener blir òg brukte for å fange og halde på merksemda di.
– Å lage trailer er eit eige fag. Det er ikkje alltid dei som står bak medieproduksjonen, som er dei beste til å lage traileren. Dei har for mange favorittscener, seier Thomas Seeberg Torjussen. Han jobbar som manusforfattar og regissør for film, TV og teater.
Korte videoar som engasjerer, spreier seg på sosiale medium som Facebook, Instagram, Snapchat og TikTok. No skal du lage ein 20 sekund lang trailer for å «selje» ein film på sosiale medium. Hugs at du har kort tid på å fortelje, så du må gjere gode, presise val når det gjeld bruk av verkemiddel og fortelleteknikk.
- Last ned filmmaterialet av kvinna som skrik (klippeøving: å byggje spenning), eller lag ein trailer til ein film som du eller nokon i klassen din allereie har laga.
- Bruk tid på å planleggje korleis du kan fortelje for å gi andre lyst til å sjå heile filmen. Tenk over kva verkemiddel du vil bruke for å forsterke spenninga. Verkemiddel kan til dømes vere rask klipperytme, skummel musikk, grafiske element og/eller ei engasjert forteljarstemme.
- Hugs at traileren skal nå målgrupper i sosiale medium, og at han berre skal vare i cirka 20 sekund.
- Når du er ferdig, skal du og ein annan vise trailerane for kvarandre. Sjå trailerane til kvarandre, og forsøk å finne verkemidla den andre har brukt.
- Kva trur de er grunnen til at trailerar blir korta ned til rundt 20 sekund når dei skal visast i sosiale medium?
- Korleis synest de det korte formatet fungerer? Kva gjekk bra? Kva var utfordrande?
- Kan de seie noko om kva de har lært, og kva de vil ta med dykk vidare i eigen produksjonspraksis?