Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Kontrast i storleik

Det finst mange ulike kontrastar. Her skal vi sjå nærmare på kontrastar som bygger på storleik. Ved å bruke desse kontrastane framhever vi det vi ønsker skal få merksemd i designet.
Ei skål med små jordbær og eit stort. Foto.

Storleikskontrastar

Eit stort bilete i eit oppslag vil skilje seg ut blant mange små bilete. Mottakaren vil då legge ekstra merke til dette.

Mange små felt og eitt stort i midten. Illustrasjon.
Tekst om forskjell i skriftstorleik der ei linje har mindre storleik enn resten. Illustrasjon.

Det er ikkje alltid vi treng å gjere eit element stort for at det skal synast. Nokre gonger kan ein liten tekst, eller eit lite bilete, skilje seg ut og vekke merksemd.

Ei lita, oransje marihøne på ei svær, kvit flate av snø. Foto.
CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017