Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Lokalavisjournalistikk

Fagartikkel

Lokalaviser og demokrati

Lokalavisene er ei viktig kjelde til informasjon om det som går føre seg der vi bur. Vi bør kunne stole på at det vi les, er korrekt og balansert framstilt. Journalistikken i lokalavisa må derfor vere uavhengig, kritisk og få fram fleire sider av ei sak.

Lokal versus nasjonal

Mange journalistar held til i Oslo, og det blir skrive mykje om og frå hovudstaden vår. Det er naturleg sidan det er her statsmakta held til. Avgjerder som blir tekne i Oslo, påverkar folk i heile landet. Men Noreg er meir enn hovudstaden, og like viktig som å skrive om ting som skjer i Oslo, er det å skrive om ting som skjer i lokalsamfunnet.

Når vi dagleg ser saker om kjendisar og skandalar, er det fort å gløyme at avisene også publiserer gode, seriøse nyheiter med viktig og relevant informasjon for dei som les avisene. Lokalavisene rapporterer om det som går føre seg der folk bur, anten det er i kommunestyret, på skulen eller i det lokale kulturlivet. Journalistane kjenner til lokale problem og gladsaker og kan derfor lage saker som folk opplever som nære og viktige for dei i kvardagen.

Den fjerde statsmakta i lokalsamfunnet

Journalistane i lokalavisene er til stades på møter i kommunen og kan fortelje oss kva dei lokale politikarane snakkar om og bestemmer. Utan å overdrive for mykje kan vi seie at lokalavisene er heilt nødvendige for at vi som bur rundt omkring i landet, skal få vite og forstå kva som skjer akkurat der vi bur, og for at vi skal kunne delta i ein offentleg og lokal debatt.

Det er også viktig for eit lokalsamfunn at vi har ei fungerande vaktbikkje som stiller kritiske spørsmål til politikarar og andre med makt, og som gir ei stemme til dei «svake» i samfunnet.

Nyheitskontruksjon

Nyheitssaker er ikkje berre noko som hender, og som journalistar så berre plukkar opp og publiserer i avisa. Nei, nyheitssaker er noko som blir til når ein journalist tek innsamla stoff og gjer det om til ein artikkel, eller eit radio- eller TV-innslag.

I medievitskapen blir derfor omgrepet nyheitskonstruksjon (Eide 1992) ofte brukt for å streke under at nyheiter er noko journalistar lagar og konstruerer gjennom å arbeide med stoffet etter nokre faste mønster for journalistikk.

Også i lokaljournalistikken er det viktig at journalisten ikkje berre er eit mikrofonstativ for alle som ønskjer å komme til orde, men sjølv bidreg til å kaste lys over problemstillingar og setje dagsordenen i den lokale samfunnsdebatten.

CC BY-SA 4.0Skrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2017