Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Øvingsoppgåver med biletfiler

Biletfiler består av pikslar, men har også annan informasjon. Filene har ulike storleikar og format. Løys desse øvingsoppgåvene for å bli betre kjend med biletredigering.
Ein gut jobbar med pc. Foto.

1. Informasjon frå biletfiler

  1. Finn eit bilete i filutforskaren på datamaskinen din.
  2. Høgreklikk og hent fram informasjon om fila.
  3. Finn eit anna bilete med ulik informasjon.

Diskuter:

  1. Kva informasjon finn du om dette biletet?
  2. Kvifor er det ulik informasjon for ulike biletfiler?

Ekstraoppgåve: Kva informasjon om mobiltelefonen din finn du ut frå biletfiler?

2. Pikselmengd og oppløysing

  1. Ta eit skjermbilete på datamaskinen din.
  2. Finn talet på pikslar i breidda på skjermdumpen ved hjelp av Finder/Explorer/Bridge.
  3. Mål breidda på skjermen din med ein linjal.
  4. Rekn om breidda til tommar ved å dele på 2,54.
  5. Del pikseltalet på tommetalet – no veit du oppløysinga på skjermen din!

Diskuter:

  1. Kva tal får dei andre i klassen? Fekk alle eit tal som var høgare enn 72?
  2. Går det an å få ulike tal på same type datamaskin?

Ekstraoppgåve: Klarer du å finne oppløysinga for mobiltelefonen din?

3. Biletformat

  1. Ta eit skjermbilete eller opne det du tok i førre øvingsoppgåve.
  2. Opne biletet i eit biletredigeringsprogram.
  3. Lagre biletet i PNG-format.
  4. Lagre biletet i JPEG-format med ulik kompresjonsgrad.
  5. Lagre biletet i eit arbeidsformat (PSD i Photoshop, PXD i pixlr.com/editor/).

Diskuter:

  1. Kva gav lågast filstorleik og finast resultat?
  2. Kvifor?
Utsnitt av briller og auge. Foto.

4. Biletredigering

  1. Ta eit bilete av deg sjølv med mobiltelefon eller webkamera.
  2. Opne biletet i eit biletredigeringsprogram.
  3. Lagre biletet i eit arbeidsformat (PSD i Photoshop, PXD i pixlr.com/editor/).
  4. Skjer til biletet slik at det blir utsnitt av auga dine på ei vassrett linje med 500 pikslars breidde.
  5. Juster nivåa i bileta slik at det blir få fargar og sterk kontrast i biletet.
  6. Lagre biletet i GIF-format.

Diskuter: Ser biletet ditt likt ut som det klassekameratane har laga?

Ekstraoppgåve: Få bilete frå klassekameratane dine og lag ein kollasj.

Utfordring: Lag ein gif-animasjon der du blunkar. Finn framgangsmåte på nett.

CC BY-SASkrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018