Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering til emnet universell utforming

Kor god oversikt har du over kva universell utforming er, og veit du kvifor det er viktig i utforming av fysiske omgivnader og digitale tenester? Har du klart for deg kva nedsett funksjonsevne er, og kva særlege omsyn du må ta i arbeid med medieproduksjonar?
Hand held ei vifte med fargeprøvar over eit arbeidsbord med fleire fargeprøvar og ei berbar datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjekk kva du har fått med deg

  • Eg veit kva universell utforming er, og kva lovverket seier om det.

  • Eg veit kva funksjonsnedsetjing betyr, og eg kan skilje mellom ulike typar og former for funksjonsnedsetjing.

  • Eg kan gjere medieprodukt tilgjengelege for ulike grupper.

  • Eg kjenner igjen fysiske omgivnader og digitale tenester som tek omsyn til universell utforming.

  • Eg kan liste opp relevante krav til universell utforming innanfor medieproduksjon, og eg kan ta omsyn til desse i mitt eige arbeid.

  • Eg veit korleis eg kan utvikle universelt utforma medieprodukt med lyd, video, tekst, grafikk eller bilete.

  • Eg kan forklare kvifor teksting av film og lydproduksjonar er universell utforming, og eg har teksta eigne produksjonar.

Har du oversikt over sentrale omgrep?

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2022

Læringsressursar

Universell utforming