Hopp til innhald

Fagstoff

Medieetikk når katastrofen rammar

Dramatiske og uventa hendingar har stor nyheitsverdi. Katastrofar får derfor massiv mediedekning. I vår tid blir det forventa at nyheitene er på lufta få minutt etter at ei hending har skjedd. I slike pressa situasjonar er det fort gjort å gløyme å ta presseetiske omsyn.
Kjempestort, raudt virus svever over grupper av menneske som til saman førestiller dei ulike kontinenta. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Katastrofar og informasjonsbehov

Ein katastrofe er ei stor omvelting, ulykke eller øydelegging som fører til mange drepne eller store skadar på menneske, bygningar, infrastruktur, dyr og planteliv. Døme på katastrofar er terrorhandlingar, jordskjelv, pandemiar eller store og ukontrollerte utslepp av miljøgifter.

Når katastrofen skjer, er informasjonsbehovet i befolkninga nesten umetteleg. Det å vite gir ei form for tryggleik i ein situasjon prega av kaos, og motverkar farleg ryktespreiing.

Katastrofar som oppstår over tid

Sjølv om dei fleste katastrofane er brå og uventa, er nokre langvarige og føreseielege. Det gjeld til dømes den globale klimakrisa og svoltkatastrofar som oppstår som eit resultat av krig og fattigdom.

Slike katastrofar har ikkje den same nyheitsverdien som uventa hendingar. Men media har likevel eit etisk ansvar for å varsle om det som er i ferd med å skje, og kva konsekvensar det kan få.

Kva er katastrofejournalistikk?

Katastrofejournalistikk er journalistikk som informerer befolkninga på ein sakleg og korrekt måte om kva som har hendt. I katastrofesituasjonar har pressa rett til å få kontinuerleg informasjon frå politiet og hjelpemannskapa.

Journalisten er dessutan auga og øyra våre på åstaden for katastrofen. Ofte er det sanseinntrykka som journalisten formidlar, som gjer at vi fullt ut tek inn over oss omfanget av tragedien.

Men katastrofejournalistikk handlar òg om å presentere eit breiare bilete, som kan gjere det mogleg for oss å forstå kva som hender, og vite korleis vi skal eller bør opptre.

NRKs utanrikskorrespondent Arnt Stefansen rapporterer frå hovudgata i ein jordskjelvramma by i Chile. Her omkom mange av dei 300 dødsoffera i byen. Vi ser samanrasa bygningar og nærbilete av forlatne gjenstandar som ein damesko og ein trehjulssykkel. Ei gruppe menneske har samla seg framfor eit apotekutsal der væpna politi deler ut det som måtte finnast av hjelpemiddel. Eit intervjuobjekt fortel at han har mista sju familiemedlemmer, og at dei som er igjen, ikkje har mat eller nokon stad å sove. Han hevdar at soldatane berre er opptekne av å hindre plyndring.

Kvifor trur du filmfotografen har teke nærbilete av ein sko og ein trehjulssykkel i NRKs nyheitsreportasje frå jordskjelvet i Chile i 2010?

Sensasjonsjournalistikk og heltehistorier

For dei som ikkje er direkte ramma, kan katastrofar opplevast som spennande hendingar som pirrar nyfikna. Pressedekninga kan derfor lett utvikle seg til å bli sensasjonsjournalistikk. Det finst mange døme på at media konkurrerer om å presentere grufulle og underhaldande detaljar om hendingar, offer og gjerningspersonar.

Dei journalistiske forteljingane kan òg handle om korleis hendinga har prega livet til enkeltindivid, eller om heltemodig innsats. Nokre forskarar hevdar at dramaturgien i denne forma for journalistikk nærmar seg dramaturgien vi kjenner frå fiksjonsforteljingar.

Døme på norsk katastrofejournalistikk

Nærleiken til det som skjer, har betyding for dekninga av saka i media. I norske medium får hendingane spesielt stor plass dersom katastrofen rammar nordmenn eller område som nordmenn ofte ferdast i.

Alexander Kielland-ulykka

Den 27. mars 1980 kantra den norske bustadplattforma Alexander L. Kielland i Nordsjøen, og 123 arbeidarar omkom. Norske medium stilte etterpå spørsmål ved sikkerheita i norsk oljeverksemd.

Katastrofen skjedde to år før det norske kringkastingsmonopolet vart oppheva, og NRK var derfor åleine om å dekke hendinga på radio og fjernsyn.

Tsunamien i Thailand

Den 26. desember 2004 utløyste eit undersjøisk jordskjelv i Indiahavet ein tsunami som ramma mange land, særleg i Asia, men òg i Afrika. Det offisielle talet på omkomne er over to hundre tusen.

Naturkatastrofen fekk enorm mediedekning i Noreg. Grunnen til det var at han ramma norske turistar på juleferie i Thailand. I alt døydde 84 norske statsborgarar. NRKs journalist Hans-Wilhelm Steinfeld var ein av dei som rapporterte direkte frå katastrofen på radio. Vi høyrer ein andpusten reporter som fortel korleis han og familien sprang opp ei åsside for å komme seg unna, og om dei enorme øydeleggingane som ramma heile Phuket. I eit påfølgande intervju på Dagsrevyen reflekterer han over det som hende.

22. juli-terroren

Den 22. juli 2011 vart åtte menneske drepne og cirka tretti såra då ein terrorist sprengde ei bombe i regjeringskvartalet i Oslo. Seinare på dagen drap den same terroristen 69 deltakarar på AUFs sommarleir på Utøya og såra 66.

Attentatet er det verste som har skjedd i Noreg i fredstid. Hendinga fekk massiv dekning i både norske og utanlandske medium.

Sjå ei oversikt over avisa VGs dekning av terrorangrepet 22. juli.

Gjerdrum-raset

Ti personar omkom i kvikkleireraset i Gjerdrum den 30. desember 2020. I global målestokk er dette ei lita ulykke, men for menneska i bygda Gjerdrum var det ein katastrofe.

I Noreg bur mange menneske på område med kvikkleire. Hendinga skapte derfor frykt òg hos dei som ikkje var direkte ramma.

Sjå TV 2s bilete frå skredet i Gjerdrum.

Les NRKs artikkel "Katastrofen i Gjerdrum vekker gamle traumer hos mange".

Medieetikk i katastrofesituasjonar

Katastrofar oppstår gjerne brått og uventa. Då må nyheitsredaksjonane sleppe alt dei har i hendene. Det er viktig å vere raskt ute, både av omsyn til publikum og av omsyn til konkurransen media imellom. I slike pressa situasjonar er det lett å gløyme å ta presseetiske omsyn.

Eit vanleg grep i journalistikken er å la hendinga «få eit ansikt». Vi identifiserer oss meir med lagnaden til enkeltmenneske, det treff oss sterkare enn forteljingar om korleis naturområde, bygningar eller statar er ramma. Men det er òg når journalisten møter augnevitne og offer at dei fleste presseetiske overtrampa skjer. Det er eit presseetisk dilemma at jakta på den gode historia fort overskygger omsynet til offera.

Vurder presseetiske sider ved denne NRK-reportasjen frå flaumen i Pakistan i 2010:

Samandrag av reportasjen frå Pakistan

I reportasjen er det bilete av menneske som leiter etter eigedelar i eit område ramma av flaum. Husdyra har drukna. Ei mor held opp ein gråtande baby. Reporteren fortel at berre 20 prosent av dei pengane som skal sørge for reint vatn, har komme inn til hjelpeorganisasjonane. Reporteren intervjuar Unicef-nestleiar Hilde Frafjord Johnson som seier at det er heilt nødvendig med meir hjelp til flaumoffera. Det er med eit bilete av eit barn som er alvorleg sjukt etter å ha drukke forureina vatn, og reporteren fortel at ein koleraepidemi no spreier seg i området. Deretter intervjuar ho ein representant for Flyktninghjelpen som besøker området. Ho er redd for at mange fleire kjem til å døy eller bli alvorleg sjuke. Bilete av familiar som bur i provisoriske telt, blir viste. Hilde Frafjord Johnson fortel at slike katastrofar går spesielt ut over fødande kvinner.

Medieetiske omsyn

Dette er noko av det journalistar må ta omsyn til når dei dekker katastrofar:

  • Ikkje identifiser omkomne eller sakna personar før dei næraste pårørande har fått beskjed

  • Skjerm menneske som er i sjokk og psykisk ubalanse, òg når dei sjølve ønsker å vere i nyheitsbiletet

  • Baser forteljingar på informasjon frå politiet og andre pålitelege kjelder, og sørg for at du ikkje formidlar lause rykte vidare

  • Spekuler ikkje på årsaker til det som har skjedd, eller på kven som kan stå bak

  • Følg heller opp hendingane etterpå i form av kritisk journalistikk som kan avsløre årsakssamanhengar og moglege kritikkverdige forhold

  • Skjerm sjåarane og lesarane for dei mest grufulle detaljane

  • Unngå å vise for nærgåande bilete av menneske i sorg

  • Bidra i staden til sorgarbeidet med respektfulle skildringar av korleis befolkninga offentleg viser sorg og omtanke for offera

Ung mann med eit lite barn ligg drukna i vasskanten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lidingsestetikk

Pressebilete av barn som er offer for hungersnaud, er eit døme på kva ein meiner med "lidingsestetikk". Slike bilete appellerer sterkt til kjenslene våre. Av og til blir barna først og fremst brukte som eit middel i nyheitsdramaturgien. Biletet blir då ikkje publisert av omsyn til det enkelte barnet, men som ein illustrasjon på omfanget av katastrofen.

Føremålet til journalisten kan sjølvsagt òg vere å skape empati med offera. Lidinga som journalistar er vitne til, kan gjere sterkt inntrykk på dei. Men forteljinga deira risikerer å drukne i mengda av liknande lidingshistorier. Når vi har sett 100 bilete av jordskjelvoffer, kan vi reagere med kynisme og likesæle når vi ser bilete nummer 101.

Sterke katastrofeforteljingar kan framkalle traume

handlar om korleis vi som mottakarar blir påverka av form og innhald i medieforteljingar, og korleis vi sjølve spinn vidare på historiene.

Menneske som har vore offer for katastrofar, kan bli retraumatiserte når dei blir utsette for sanseinntrykk som minner dei om hendinga. Universitetet i Bergen og Senter for krisepsykologi har studert verknaden av medieforteljingar som er publiserte etter 22. juli-terroren. Studien viser at overlevande og pårørande i større grad enn andre får traumereaksjonar når dei ser eller høyrer slike forteljingar.

Derfor har det oppstått ein debatt om korleis journalistar bør omtale terrorhandlingar, og om det er rett å lage fiktive TV-seriar og spelefilmar om katastrofar som mange har kjent på kroppen.

Nyheitsdekninga av katastrofar kan òg verke traumatiserande på menneske som slit med angst. Media har derfor eit ansvar for å formidle informasjon som kan verke angstdempande òg. Mange medium har teke dette ansvaret i dekninga si av covid-19-epidemien.

Traumatiserte journalistar

Journalistar som har som jobb å skildre katastrofar, kan òg bli traumatiserte. Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress gjennomførte ei traumeundersøking etter tsunamikatastrofen i Søraust-Asia i 2004. Undersøkinga viste at det var høgt stressnivå blant journalistane som dekte hendinga, både undervegs og i ettertid.

For mange var traumet knytt til etiske dilemma, til dømes det å måtte forlate menneske i naud for å kunne utføre jobben sin.

Innsatspersonell på ei strand full av døde menneske og gjenstandar etter tsunamien i 2004. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Fauconnier, M. (2021, 4. juni). Overlevende fra Utøya møter journalister for å diskutere erfaringer fra 22. juli. Journalisten.no. https://journalisten.no/22-juli-arne-jensen-beredskap/overlevende-fra-utoya-moter-journalister-for-a-diskutere-erfaringer-fra-22-juli/464768

Idås, T. (2010). Journalistene og tsunamien: Ekstreme inntrykk – men dilemmaene stresset mest [Masteroppgåve, Universitetet i Oslo]. DUO kunnskapsarkiv. https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/27800/masteroppgave-imk-trond-idas.PDF?sequence=2

Journalisten.no. (2016, 13. juli). Studie: Dekningen av 22. juli var traumatiserende. https://journalisten.no/terrorisme-svein-bruras-22-juli/studie-dekningen-av-22-juli-var-traumatiserende/294048

Olufsen, B. (2021, 11. januar). Presse-etikk når katastrofen rammer. Medier24. https://m24.no/bernt-olufsen-presseetikk/presse-etikk-nar-katastrofen-rammer/278309

Polyakova, A. (2011, 4. april). Innledning: Katastrofe- og ulykkesjournalistikk. https://prezi.com/sqvlce6o9z2k/innledning-katastrofe-og-ulykkesjournalistikk/

Johannessen, T. S. & Madshus, K. G. (2016, 13. juli). Traumatiserte av 22. juli-nyheitsdekningen. NRK. https://www.nrk.no/osloogviken/traumatiserte-av-22.-juli-nyhetsdekningen-1.13038720

Vettenranta, S. (2008). Ofrenes smerte, seernes ubehag – etiske utfordringer i katastrofenyheter. Etikk i praksis – Nordic Journal of Applied Ethics, 2(1), 87–104. https://doi.org/10.5324/eip.v2i1.1691

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2021

Læringsressursar

Etikk og medium