Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Navigasjon: Finn, kontroller, revurder og reparer

I arbeidet med denne oppgåva gjer du deg kjend med eigne søkjevanar.
Truckførar legg ved eit tannhjul til andre tannhjul. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1: Finn fram

Korleis går du fram for å finne relevant informasjon på internett?

Bruk gode søkjeord og eit nyansert språk, altså synonym og variantar av ord. Kombinasjonar av ord fungerer òg bra i mange tilfelle.

  1. Formuler eit spørsmål eller ei problemstilling, og finn kjelder for å finne svar.

Døme på spørsmål/problemstillingar

  • Korleis er mediepolitikken i andre land enn Noreg?

  • Korleis lærer ein best med podkast?

  • Korleis opprettar og utviklar ein ein YouTube-kanal?

  1. Planlegg søket ditt på førehand. Lag ei liste over sentrale fagomgrep, synonym og variantar av ord, og finn fram til kombinasjonar av ord det er relevant å gjere søk på.

Relatert innhald

2: Kontroller nettlesinga

Det er ei ekstra stor påkjenning for arbeidsminnet ditt å lese på nett. Hjernen jobbar på høggir. Det er mykje informasjon å ta inn på kort tid og ikkje alltid så lett å få med seg det som er mest sentralt når du navigerer frå stad til stad.

Tenk over

Det er bra å ha strategiar som hjelper deg med å kontrollere framdrifta i navigasjonen.

Kva er strategiane dine?

  1. Start ei nedteljing på 10 eller 15 minutt.

    Opprett gjerne ei mappe i nettlesaren eller bruk ein app eller plug-in som registrerer nettsider. Set bokmerke på kjelder du tenkjer er relevante. Alternativt limer du inn lenkjeadresser inn i eit dokument.

  2. Vurderer søkjeøkta di etter at klokka ringjer:

  • Har du funne noko relevant? Kor relevant er kjelda/kjeldene? Var nokon av dei midt i blinken, eller har du hamna litt på sida av det du lette etter? Grunngi.

  • Kva søkjeord fungerte best? Kva for nokre nye søkjeord fann du?

  • Heldt du deg til det du skulle søkje etter, eller hamna du på ville vegar? Kvifor/kvifor ikkje, trur du?

3: Del erfaringar og diskuter

Del søkjeerfaringar med ein medelev ved å svare på spørsmåla under.

  1. Kva problemstilling jobba de med?

  2. Kva søkjeord brukte de, og kva fungerte best? Prøv òg å forklare kvifor de trur de fekk best treff med nettopp desse søkjeorda.

  3. Kan de gi kvarandre tips til omformulering av problemstilling og til andre søkjeord?

  4. Korleis gjekk det med søkjeøkta? Fann de nyttige kjelder?

  5. Vurder saman eit par av kjeldene de har funne.

4: Å gå seg vill og "reparere"

Det er lett å gå seg vill på nettet. Når du har gått deg vill, for det gjer vi alle saman, treng du strategiar som tek deg "heim" igjen. Det kallar vi reparasjon.

  1. Del eigne erfaringar med kvarandre om å gå seg vill. Diskuter deretter kva som er gode strategiar for å kome seg tilbake i riktig retning.

  2. Lag ei regle, ein vits eller ei punktliste som samanfattar gode strategiar for å halde seg på riktig søkjeveg når ein leitar etter relevant informasjon på nettet.

  3. Del med klassen.

Relatert innhald

Når du gjer nettsøk, kan du bruke strategiar for navigasjon og bruk av søkjeord, du kan planleggje og dokumentere søk, og du kan bruke lesestrategiar.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021

Læringsressursar

Kjeldesøk