Kva vil det seie å jobbe systematisk med kjelder? Del meiningar og erfaringar med andre i klassen.
Lag eigne omgrepsdefinisjonar
Dersom de skal få mest mogleg ut av søk etter informasjon på nettet, bør de vere medvitne om kva ein del sentrale fagomgrep inneber.
Lag dykkar eigne definisjonar på desse omgrepa:
- navigasjon
- lesing på nett
- strategi
- organisering
Del omgrepsdefinisjonane
Del omgrepsdefinisjonane med resten av klassen. Bli einige om ein felles definisjon for kvart av omgrepa.
Skriv ned tre punkt
Tenk over ein av dei siste gongene du brukte internett til å finne informasjon som skulle løyse ei litt større arbeidsoppgåve du jobba med.
- Kva skulle du finne fram til?
- Korleis gjekk du fram?
- Kva gjorde du før, undervegs og etter søkeprosessen?
- Skriv ned tre døme på korleis du sjølv tenker du jobbar systematisk med kjeldesøk.
Diskuter med medelevar
Del døme på korleis de jobbar systematisk med kjeldesøk, med kvarandre.
Diskuter:
- Kva vil det eigentleg seie å jobbe systematisk med kjeldesøk?
- Kva vil det seie å ha ein strategi for korleis eit søk blir gjennomført?
- Kan de gjere ting annleis for å få meir oversikt over prosessen?
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2018